Bosnia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tilnærma grenser mellom Bosnia (marker lyst) og Hercegovina (markert mørkt)

Regionen Bosnia (Bosna/Босна) er historisk og geografisk den nordlege delen av det som i dag er Bosnia-Hercegovina. Regionen ligg hovudsakleg i Dei dinariske Alpane og strekkjer seg opp til dei sørlege områda av Den pannoniske sletta med elvane Sava og Drina som den nordlege og austlege grensa. Den sørlege middelhavsregionen av landet er Hercegovina.

Arealet av Bosnia er om lag 41 000 km², og utgjer om lag 80 % av heile Bosnia-Hercegovina. Det finst ingen verkelege grenser mellom dei to regionane, men uoffisielt ligg Hercegovina sør for Ivan-planina.

Dei to regionane har vore eit geopolitisk område sidan mellomalderen, og namnet «Bosnia» refererer i regelen historisk og geopolitisk til båe regionane (Bosnia og Hercegovina). Den offisielle bruken av båe namna vart først teken i bruk seint i den osmanske perioden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bosnisk historie.

Frå midten av 1100-talet skipa ban Kulin ein uavhengig bosnisk stat. Frå 1360-talet inkluderte det bosniske kongedømet områda i Bosnia og det som seinare skulle verte Hercegovina. Som ein del av Det osmanske riket i fire hundre år (1463-1878) utgjorde Bosnia ein stat (sanjak) som inkluderte Hercegovina fram til midten av 1800-talet. Området fekk namnet Bosnia-Hercegovina i 1853 på grunn av ein politisk tvist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • W. Miller. Bosnia before the Turkish Conquest, The English Historical Review © 1898 Oxford University Press