Det osmanske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det osmanske riket
Osmanlı İmparatorluğu
دولت عالیه عثمانیه
Devlet-i Âliye-yi Osmâniyye
Den store osmanske staten
Rike
Blank.png
12991922 Flag of Turkey.svg
Flagg Våpen
Det osmanske flagget Våpen
Motto
دولت ابد مدت
Devlet-i Ebed-müddet
(«Den evige staten»)
Plasseringa til Det osmanske riket
Grenser i 1683
Hovudstad Söğüt (1299–1326)
Bursa (1326–1365)
Edirne (1365–1453)
Istanbul (1453–1922)
Språk Osmansk tyrkisk
Religion Islam
Poltisk struktur Rike
Sultanar
 - 1281–1326 Osman I
 - 1918–22 Mehmed VI
Storvesirar
 - 1320–31 Alaeddin Pasha
 - 1920–22 Ahmed Tevfik Pasha
Historie
 - Grunnlegging 1299
 - Interregnum 1402–1413
 - Oppdelinga av Det osmanske riket 17. november 1922
Innbyggjarar
 - 1856 est. 35 350 000 
 - 1906 est. 20 884 000 
 - 1914 est. 18 520 000 
 - 1919 est. 14 629 000 
 - 1680 est. 5 500 000 
Valuta Akçe, kuruş, lira

Det osmanske riket, også kalla Det ottomanske riket, var eit enormt, tyrkisk imperium, grunnlagd av Osman I ved byrjinga av 1300-talet og styrt av Det osmanske dynastiet fram til Tyrkia som republikk vart skipa av Mustafa Kemal Atatürk i 1923 etter den fyrste verdskrigen.

Riket var mektigast på 1500-talet under sultan Süleyman den store. Det hadde likevel størst utstrekking i 1683, då det strekte seg frå Wien i vest, gjennom Midtausten og Nord-Afrika, til dagens Iran og Den arabiske halvøya i aust. Sjølv om riket var stort, hadde det berre rundt 40 millionar innbyggjarar.

Ein sultan styrte riket saman med diwanen, ei regjering sett saman av vesirar og leia av storvesiren. Seinare tok sultanane den muslimske tittelen kalif, det åndelege overhovudet til alle muslimar. I fleire hundreår såg ein på desse sultanane som dei einaste som hadde rett til å erklæra heilag krig.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia om Det osmanske riket er omfattande og spenner over sju hundreår. Det er mange forskjellige perspektiv; nokre baserer seg berre på den militære delen av historia, krigane som riket var innblanda i, og kva det underla seg og seinare måtte gje frå seg, medan andre peikar på den indre utviklinga. Denne artikkelen prøver å ha eit meir generelt perspektiv.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det osmanske riket oppstod som ein Uç Beyliği (ei form for adel) innanfor Seljukstaten i Anatolia mot slutten av 1200-talet. Denne staten var sjølv underlagt Ilkhanatet (ein del av Det mongolske riket) på den tida. Det er ei utbreidd oppfatning hos historikarar at Osman I erklærte sjølvstende i 1299, men det er vanskeleg å fastsette det nøyaktige tidspunktet.

Riket vert grunnlagd (1299-1453)[endre | endre wikiteksten]

I riket sin vekstsfase vart identiteten og karakteren til riket definert, og det sikra seg sin plass i historia under Mehmet II, «erobraren». Det var i denne perioden at den osmanske eliten (kjernen av tyrkarar rundt Osman I) diskuterte korleis ein skulle organisere ein ny stat. Det er viktig å legge vekt på det ekspanderande riket sin geopolitiske situasjon. Det hadde kontakt med og kunne hente erfaringar frå mange forskjellige kulturar. Ut frå kunnskapen sin om tidlegare imperium og sogene deira, var den osmanske eliten av den klare oppfatning at det ikkje var sverdet aleine som kunne bygge og vedlikehalde store imperium.

Mehmet II, kjent som «erobraren»

Den osmanske eliten hadde stor tru på at sverdet måtte styrast av mannen, og ikkje omvendt. Det var viktig å finne sterke og dyktige menn som var villige til å samarbeide for å erobre store delar av Europa, Asia og Afrika. Det var òg viktig å organisere og regjere desse erobra områda på ein tilfredsstillande måte, og etablere ein struktur det ville vere vanskeleg å bryte ned seinare. Den osmanske eliten gav prioritet til politiske idear som legitimerte imperiet. Berre med desse ideane var det mogeleg å skape samhald mellom så mange forskjellige folkeslag, kulturar og religionar, og få alle desse til å dra i same retning. Ideen og kulturen som vart skapt i desse tidene var så sterk at det tok 300 år med forfall og katastrofar å bryte ned riket. Under bygginga av dette enorme riket vart det utvilsamt utøva både urett, vald og øydelegging. Men det ville vore urettferdig ikkje å gje godkjenning til den historia som byrja på 700-talet, då tyrkarane byrja å utvandre frå eit sarasenarrike i forfall.

Trass i at Det osmanske riket oppstod før Osman I, vert han sett på som grunnleggaren av riket og han var den første høvdingen (Bey på tyrkisk). Han erklærte sjølvstende frå Austromarriket og skapte ein front mot det, og hans eige rike fekk namn etter han. Tidlegare tyrkiske leiarar sliet med interne konfliktar. Osman I flytta hovudstaden til Bursa, der han prega mynt i sitt namn. Som bevis på hans gode ettermæle var uttrykket «måtte han bli like god som Osman» mykje brukt hos tyrkarar, og det vert til dels framleis nytta i dag. Mehmet II var berre tolv år då han vart sultan, og han vart omtalt som ein «lærd krigar». Hans militære dugleik vart demonstrert ved slaget om Konstantinopel. Han naut full støtte frå heile riket. Den nytta han til å reorganisere staten sin struktur og militærvesen.

Det osmanske riket, 14811683

Veksten (1453-1683)[endre | endre wikiteksten]

Ein kan dele inn veksten av Det osmanske riket i to periodar. Den første perioden var prega av erobringar og vekst; frå erobringa av Konstantinopel i 1453 til Sultan Süleyman den store sin bortgang i 1566. Dette var ein periode med store bragder sett med osman-tyrkiske auge. Etter erobringa av Konstantinopel ekspanderte imperiet nordover. Slaget ved Kosovo Polje var eit gjennombrot for osman-tyrkarane, trass i at den serbiske riddaren Miloš Obilić klarte å drepe den dåverande sultan Murat I. Sigeren var grunnlaget for ekspansjonen vidare inn i Sentral-Europa. Sultan Selim I (1512-1520) gjekk mot aust, slo Safavidane i Persia under slaget på Chaldiran, og etablerte ein egen marine i Raudehavet. Etterfølgjaren hans Süleyman den store skulle auke makt og storleiken til imperiet ytterlegare. Etter å ha tatt Beograd, erobra han Ungarn i 1526, men tapte 16 000 mann i Slaget ved Mohács. Det ungarske kongedømet braut saman etter dette, og Huset Habsburg overtok dei delane av Ungarn som tyrkarane ikkje tok. Süleyman den store haldt fram mot Wien, men klarte ikkje å ta byen før vinteren kom og tvinga han til retrett. Ikkje lenge etter vart fyrstedøma Transylvania, Valakia og Moldavia under Det osmanske riket.

I aust vart Bagdad erobra frå Det persiske riket i 1535, stadig under leiing av sultan Süleyman den store. Dette førte til at tyrkarane fekk kontroll over store delar av Midtausten. Det osmanske riket gjekk inn i sin gullalder i regjeringstida til Suleiman den Store, òg kjend som Lovgjevaren.

Dei 230 åra med ubroten vekst avslutta med den første omleiringa av Wien i 1529. Åtaket på Wien var ikkje eit eigentleg erobringsforsøk, men nærast ein reaksjon på Huset Habsburg si innblanding i Ungarn. Dei osmanske styrkane tapte rundt 25 000 mann, medan motparten sitt tap var minimale. Dette førte òg til at nokre av imperiet sine allierte vendte dei ryggen. Paven mante no til eit krosstog mot tyrkarane, etter at han tidlegare hadde inntatt ein relativt passiv haldning. No var Det osmanske riket ikkje lenger berre ein inntrengar og okkupasjonsmakt, men ein varig faktor i europeisk politikk. Det andre slaget om Wien i 1683, då Polen sin konge Jan III Sobieski braut tyrkarane si omleiring, vart eit vendepunkt i den 300 år lange kampen mellom dei kristne rika i Sentral-Europa og Det osmanske imperiet. Riket gjekk no inn i ein langvarig periode med stagnasjon.

Stagnasjonen (1683-1827)[endre | endre wikiteksten]

I denne perioden hadde Det osmanske riket ei rekkje av sultanar som trass i gode føresetnadar ikkje klarte å nå måla sine i same grad som Mehmet II, Selim I og Suleiman I. Under denne stagnasjonen vart imperiet svekka av krigar mot Persia, Den polsk-litauiske realunionen, Russland og Austerrike. Den russiske ekspansjonen sørover gav opphav til ei rekkje på ti krigar mellom Det russiske imperiet og Det osmanske imperiet på 1600-talet-1800-talet. Det osmanske imperiet viste stor uthald under desse krigane og haldt stand lenge.

Kara Mustafa tapte slaget om Wien i 1683 mot Jan III Sobieski frå Polen, byrja tilbaketrekkinga frå Europa. Kara Mustafa fall ikkje i slaget, men vart avretta i Beograd i desember 1683 som følgje av nederlaget. Etter nok eit nederlag i den store tyrkiske krigen i 1699 gav Det osmanske riket for første gong frå seg område i Karlowitz-traktaten. Desse vesentleg ungarske områda hadde vore under Det Osmanske riket sin kontroll i 200 år. Men tyrkarane slo Russland i Pruth-felttoget i 1712, og Passarowitz-traktaten skapte ein kortvarig fred mellom dei to imperia frå 1718 til 1730. Etter dette samla tyrkarane seg til ein kraftinnsats og sigra over Austerrike i 1736. Ved Beograd-traktaten fekk osmanarane igjen nokre av dei europeiske områda som hadde gått tapt i 1699.

Det osmanske riket konsentrerte seg etter kvart om å haldet det dei hadde vunne framfor å ekspandere ytterlegare. Riket byrja å utvikle byane på Balkan, dei ytre postane mot europeisk ekspansjon. Ein byrja å utbetre levekåra for innbyggjarane i riket. Skattetrykket vart redusert, det vart oppretta konsulat, og handel, handverk og industri vart oppmuntra. Tida vart kalla «tulipanæraen» etter eit motiv som vart mykje nytta i dekorativ kunst. Det vitskaplege forspranget som den muslimske verda hadde hatt over Europa, vart innhenta i denne perioden. I stagnasjonsperioden klarte tyrkarane ikkje å halde tritt med utviklinga hos dei europeiske rivalane Frankrike, Storbritannia, Austerrike og Russland.

Krigar vart tapt og område avstått på Balkan og i Kaukasus til fordel for Austerrike og Russland. Område som Egypt og Algerie fekk reelt sjølvstende, sjølv om dei i namnet høyrde til riket. Frankrike og Storbritannia fekk auka innverknad i Nord-Afrika. Under sultan Selim III vart det gjort forsøk på å modernisere systemet. Men mange av reformene som sultanane forsøkte å gjennomføre for å fornye riket vart motarbeida av konservative krefter, både dei religiøse og det no korrupte elitekorpset janitsjarane. Janitsjarkorpset vart til slutt utsletta i 1826.

«Europa sin sjuke mann» (1828-1908)[endre | endre wikiteksten]

Det konsulære menasjeri, ein karikaturteikning av funksjonærar og samband ved «utanlandskontoret» i Det osmanske riket 1885. Nasjonane er her framstilt som dyr: Tyrkaren ved skrivebordet har trekk frå ei and, medan papegøyen representerer britane, apen italienarane, grisen tyskarane og bjørnane russarane.

Trass i stagnasjonen hadde Det osmanske riket halde sin posisjon som stormakt heilt fram til 1800-talet, men då byrja oppløsninga av det enorme riket. Samtidig var perioden prega av omfattande moderniseringsforsøk med reorganisering og forandringar i alle delar av riket. Karikaturen til høgre er frå denne perioden (1885) og viser korleis riket vart oppfatta. Det er ein parodi av ein funksjonær i det osmanske utanlandskontoret (anda). Papegøyen, apen, og grisen (britar, italienarar og tyskarar) som plagar han er vaktarar og omsetjarar (europeiske stormakter). Russarane er i bakgrunnen som bjørnar.

Perioden er kjend som Tanzimat (tyrkisk for reorganisering) og varte frå 1839 til 1876. I denne tida vart hæren kraftig modernisert. På same måte gjekk banksystemet gjennom store reformer. Ei byrjande industrialisering førte til at handverkslauga fekk konkurranse frå moderne fabrikkar. Økonomisk hadde imperiet problem med å innfri låna det hadde tatt opp i europeiske bankar. Militært hadde det problem med å forsvare seg mot utanlandsk aggresjon og dei balkanske minoritetane sine ønske om lausriving. Frankrike okkuperte Egypt i 1798 og erobra Algerie i 1830. Montenegro fekk autonomi i 1798, og Serbia i 1804. Hellas frigjorde seg i 1829 etter ein lang sjølvstendekamp med hjelp av utanlandske frivillige og trugslar om intervensjon frå stormaktene si side. Vasallstatane på Balkan oppnådde auka sjølvstende.

Ei viktig endring var at imperiet slutta å gå til krig aleine og etablerte alliansar med europeiske land. Det vart inngått ei rekkje alliansar med land som Frankrike, Nederland, Storbritannia og Russland. Krimkrigen vart utkjempa i allianse med Frankrike, Storbritannia og Kongedømet Sardinia for å stanse den russiske frammarsjen, som vestmaktene var uroa for. Dei allierte slo Russland i september 1856.

Av alle idear Det osmanske riket tok imot frå vesten var nasjonalismen ein av dei viktigaste ideologiane. Osmanarane måtte ikkje berre uroe seg for nasjonalismen innanfor eigne grenser, men òg utanfor. Mange nasjonale minoritetar gjorde opprør i løpet av 1800-talet. Det er vorte sagt at desse opprøra var avgjerande for den politikken som Det osmanske riket måtte ta opp på 1900-talet, men årsakene til opprøra er omstridde. Det osmanske riket hevda sjølv at årsakene til dei nasjonalistiske opprøra var interne og at dei vart støtta av krefter som hadde skjulte mål.

Eit opprør i Bosnia-Hercegovina i 1875 spreidde seg til Bulgaria og utløyste intervensjon frå Austerrike-Ungarn, Serbia, Montenegro og Russland. Russarane marsjerte nesten inn i Istanbul, men vart stansa etter press frå vestmaktene. Fredssluttinga i 1878 etter Berlinerkongressen førte til at Austerrike-Ungarn tok Bosnia-Hercegovina, medan Serbia, Montenegro, Valakia og Moldovia vann fullt sjølvstende. Bulgaria vart skild ut som autonomt fyrstedøme. Kypros vart overlate til britane til gjengjeld for britisk støtte i krigen mot Russland. Frankrike sikra seg herredømet i Tunis. Av landvinningane i Europa var berre Albania, Novi Pazar og Thrakia tilbake.

Det osmanske riket fekk ein kortvarig periode med konstitusjonelt styre medan konfliktane med indre og ytre fiendar pågjekk. Reformkreftene, kjend som Ung-osmanarane, gjennomførte i 1876 eit militærkupp og tvinga sultan Abdülaziz til å abdisere til fordel for Murat V. Han var mentalt sjuk og måtte gå av etter få månader, og kuppmakarane tilbaud Abdülhamit II (1876-1909) trona mot løfte om å innføre konstitusjonelt monarki, noko han gjorde 23. november 1876. Ei grunnlov (Kanûn-ı Esâsî) vart utforma og eit parlament med representantar for alle folkegrupper i imperiet vart samankalla. Men det første konstitusjonelle styret varte berre i to år, til Abdulhamit oppløyste parlamentet i 1878.

Oppløysninga (1908-1922)[endre | endre wikiteksten]

To osmanske soldatar går mot Istanbul etter den osmanske hæren sitt tap i den første balkankrigen.

Mot slutten av 1800-åra vart arva etter Ung-osmanarane tatt opp av ein ny generasjon progressive tyrkarar, no med eit sterkare innslag av tyrkisk nasjonalisme. Ungtyrkarane (tyrkisk: Jöntürkler) var ein patriotisk organisasjon, offisielt kjend som «Komiteen for eining og framsteg» (tyrkisk: İttihat ve Terakki Cemiyeti, engelsk: Committee of Union and Progress). Leiarane gjorde opprør mot Sultan Abdülhamit II i 1908 og tvinga fram gjeninnføringa av konstitusjonelt styre. Dei hadde regjeringsmakta i Det osmanske riket til slutten av den første verdskrigen i november 1918.

Oppløysinga av imperiet hadde pågått lenge då Kreta gjekk tapt i 1898, etter at eit opprør i den greske folkesetnaden førte til at stormaktene greip inn og tvinga fram opprettinga av ein autonom republikk under formell osmansk suverenitet, men med ein gresk prins som president. I 1908 vart øya annektert av Hellas.

I 1908 vart òg Bosnia-Hercegovina formelt annektert av Austerrike-Ungarn, og Bulgaria nytta sjansen til å erklære seg som eit fullt sjølvstendig kongedøme.

Italia sitt ønske om å skaffe seg eit kolonirike gjorde at landet med støtte frå vestmaktene gjorde invasjon i Libya i 1911. Den osmanske hæren under general Musta Kemal Pasja gjorde sterk motstand, men italienarane si overmakt til sjøs førte til at både Libya og øya Ródos og dei andre Dodekanesane vart avstått til Italia i 1912.

Det var mykje uro på Balkan før den første balkankrigen braut ut i 1912. Den osmanske hæren sin styrke på Balkan var stor, og tilsynelatande var den moderne. Men det var berre på overflata, i røynda var han korrupt, dårleg leia, dårleg trent og lite stridsdyktig. Etter opprør i Albania, og oppmuntring av italienarane sin militære framgang, gjekk Balkanligaen (som bestod av Serbia, Montenegro, Hellas og Bulgaria) til åtak på dei ottomanske styrkane i oktober. Albania erklærte sjølvstende 28. november. Det vart inngått våpenkvile 2. desember. Det osmanske riket måtte avstå nesten alle sine gjenverande område i Europa – Albania, Kosovo, Novi Pazar-regionen, Makedonia og det meste av den historiske regionen Thrakia. Berre eit bruhovud vart tilbake, ei kyststripe frå Svartehavet til Middelhavet.

Sigerherrane vart likevel ueinige om fordelinga av erobringane, og i den andre balkankrigen i 1913 gjekk Det osmanske riket saman med dei andre balkanstatane mot Bulgaria og lukkast i å gjenerobre delar av Thrakia, om lag til dei noverande grensene.

I eit siste forsøk på å gjenvinne tidlegare tapte område og utfordre britane sitt herredøme over Suezkanalen inngjekk den ungtyrkiske krigsministeren Enver Pasja ein avtale med Sentralmaktene under den første verdskrigen. I byrjinga av krigen hadde Det osmanske riket noko framgang. Dei allierte, som no òg omfatta den nyoppretta ANZACstyrken, tapte i Irak og forsøket på å erobre Gallipoli. Britane vart slått tilbake, og nokre av de tapte territoria vart gjenerobra. I Kaukasus tapte derimot osmanarane store landområde og over 100 000 soldatar. Russarane rykte fram i Armenia til ei linje frå Trabzon, Erzurum til Van. Den russiske revolusjonen gav Det osmanske riket ein sjanse til å slå tilbake, men den britiske offensiven i Midt-Austen vart for mykje. Osmanarane tapte heilt mot slutten av krigen for dei allierte under leiing av general Edmund Allenby, med hjelp av arabiske opprørarar og Thomas Edward Lawrence.

Under den første verdskrigen innleia det ungtyrkiske styret ei massiv forfølging av den store og mektige armenske minoriteten i riket. Konsentrert armensk busetnad fanst i det historiske Armenia i riket sine austlege delar mot Kaukasus, men armenarane utgjorde òg eit stort innslag i byfolkesetnaden i heile riket, der dei var kjend som dyktige handelsmenn. Dei første isolerte massakrane mot armenarar i det austlege Anatolia vart opptakten til ein statleg organisert utryddingsaksjon, til dels med bakgrunn i frykta for at armenarane skulle gå saman med riket sine kristne fiendar.

I 1915 innførte staten lover retta mot armenarane, og organisasjonen Teşkilat-ı Mahsusa vart oppretta for å gjennomføre deportasjonar og massedrap over dei neste to åra. Kanskje så mange som 1,5 millionar armenarar vart drepne eller omkom under deportasjonane, som det er brei semje om å omtale som det første folkemordet på 1900-talet. Talet på døde er derimot usikkert og omstridd, og den tyrkiske staten nektar for at det fann stad. Tilsvarande skuldingar om brutalitetar mot dei greske og assyriske minoritetane er òg retta mot Det osmanske riket.

Sjå Folkemordet på armenarane for meir informasjon.

Med våpenstillstanden i Mudros 30. oktober 1918 måtte Det osmanske riket trekke seg tilbake frå alle sine område utanfor Anatolia og godta alliert okkupasjon av hovudstaden Istanbul og byen İzmir (Smyrna). Som vilkår for fred måtte osmanarane godta ei oppdeling av riket ved Sèvres-traktaten av 10. august 1920. Ifølge denne skulle Italia og Hellas få overta store delar av Antatolia sin kyst, Armenia sin sjølvstende og heile Midtausten skulle delast mellom Storbritannia og Frankrike.

Dei audmjukande fredsvilkåra, saman med okkupasjonen av Istanbul og İzmir, utløyste ein så sterk reaksjon hos riket sine tyrkiske innbyggjarar at det utløyste eit opprør som førte til Det osmanske riket sitt fall og til opprettinga av republikken Tyrkia i 1923. Men i mellomtida tok nye nasjonalistiske leiarar makta i det svekka imperiet og starta den tyrkiske sjølvstendekrigen, som skulle kome til å omstøyte dei fleste av avgjerslene i Sèvres-traktaten og jage okkupasjonsstyrkane ut av det tyrkiske kjerneområdet.

Mustafa Kemal og Rauf Bey under Sivas-kongressen.

Den osmanske regjeringa vart sett på som passiv og mista respekt hos folk. Han vart kritisert for å avgje for store landområde etter krigen. Hellas hadde idear om eit nytt Stor-Hellas og forsøkte med base i det okkuperte İzmir å utvide sitt herredøme langs heile kysten mot Egearhavet i den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922. Frankrike okkuperte Hatay og Syria og ønska i tillegg delar av Anatolia. Italienarane ville ha den sørlege delen av Anatolia, som dei òg var lova. Britane hadde allereie Arabia, Palestina, Libanon, Jordan og Irak. Den tyrkiske nasjonalismen blussa opp, spesielt næra av frykta for gresk ekspansjon. Ført av Mustafa Kemal, ein tidlegare sigerrik general i den osmanske hæren, slo tyrkarane tilbake. I april 1920 oppretta Kemal Pasja ei revolusjonsregjering med hovudkvarter i Ankara. Han avgjorde å slå tilbake med militær makt mot okkupasjonen av tyrkiske område. Dei allierte var krigstrøytte og trekte seg raskt tilbake. Det vart halde mange kongressar, mellom anna ein nasjonal kongress i Sivas. Der vart det avgjort at gresk sjølvstende i Aydin, Manisa og Bahikesir var uakseptabelt.

Sultan Mehmet VI Vahdettin vart den siste sultanen. Han sa frå seg sin verdslege makt den 1. november 1922 og forlet Konstantinopel 17. november om bord på eit britisk krigsskip for å gå i eksil på Malta. Han døydde i Italia den 15. mai 1926. Men sultanatet si religiøse leiarstilling som kalif vart opprettheldt enno i to år under prins Abdülmecid II, fram til republikken avskaffa kalifatet 3. mars 1924.

Republikken Tyrkia vart oppretta 29. oktober 1923.

Det osmanske riket omfatta mellom anna fleire kurdiske fyrstedømme. Likevel fekk tyrkarane eit eige land etter krigen, men ikkje kurdarane. Tyrkarane meinte sjølve at dei hadde gjeve avkall på (meir enn) nok av imperiet sitt som følgje av krigen, og ville ikkje avstå meir land for at Kurdistan skulle få sitt eige område.

I 1999, etter 76 år, skjenka det tyrkiske parlamentet statsborgarskap til dei noverande medlemmane av osmanfamilien. Den siste som fekk statsborgarskap var det noverande overhovudet for familien, Ertuğrul Osman V. Han fekk det i 2004, men flytta ikkje tilbake til Tyrkia. Han bur for tida på Manhattan i New York i USA.

Staten[endre | endre wikiteksten]

Det osmanske riket vart administrert ved hjelp av erfarne kristne, jødar og folk frå andre etniske og religiøse grupper, i motsetnad til andre herskarar, som favoriserte folk av eigen religion og nasjonalitet. Det var eit fornuftig val for ein raskt ekspanderande stat, som trong lokalkjende undersåttar til å styre imperiet. Denne pragmatiske haldninga kom òg til uttrykk ved at riket i byrjinga brukte gresk språk i sin diplomatiske korrespondanse med framande makter. Sultanene brukte rådgivarar (såkalla vesirar) som ofte vart vald blant lojale kristne – grekarar, italienarar og andre. Diplomatar omtalte ofte imperiet som بابِ علی (Bâb-i-âlî «Den store porten» eller «Porten»), som viste til den store slottsporten til det keisarlege Topkapı-palasset, der Sultanen tok i mot utanlandske ambassadørar. Andre trur det stammar frå imperiet si plassering og byen Istanbul, som ein slags passasje mellom Europa og Asia, aust og vest. Folk frå vest omtalte ofte Det osmanske riket som Det tyrkiske rike eller berre Tyrkia, noko som er noko misvisande. Det osmanske riket må ikkje forvekslast med den moderne nasjonalstaten Tyrkia.

Topkapislottet

Riket produserte lite varer, bortsett frå osmantyrkiske bønder som produserte matvarer. Det osmanske riket var ikkje økonomisk utnyttande eller oppstått og motivert som dei europeiske kolonirika. Den osmanske regjeringa var opptatt av å verne landet og å sørgje for tryggleik og harmoni. Det er ein del vestlege og kristne som forbinder Det osmanske riket med vald på grunn av riket sine siste år, men dette var heller eit resultat av nasjonsbygging, og ikkje av den osmanske administrasjonen. Elles er Det osmanske riket òg kjend for å vere eit sentrum for forskarar og vitskapsmenn, og det er først på 1700-talet at de vart forbigått av andre europeiske stormakter når det gjeld teknologi og medisin.

Sultanar[endre | endre wikiteksten]

Sultan Mehmet VI var den siste sultanen av Det osmanske riket.

Sultanen var den offisielle eineherskaren i riket. Dynastiet vart som oftast kalla Osmanli eller Huset Osman. Dei første herskarane kalla seg for bey og gav med det til kjenne at dei aksepterte Suljek-sultanatet sin forrang og overherredøme, etterfølgjarriket etter Ilkhanat-sultanatet. Murad I var den første tyrkaren som tok tittelen «sultan» (konge). Med erobringa av Konstantinopel i 1453 var staten på veg til å verte eit mektig rike med Mehmed II som herskar, eller padishah, i Europa ofte omtalt som Stortyrken (den store tyrkar). Frå 1517 og framover var sultanen òg Kalif av Islam, og fram til 1922 (eller 1924) var Det osmanske riket synonymt med Kalifatet, den islamske verdsstaten. Sultanen hadde mange titlar som Herskar av Huset Osman, Sultanane sin Sultan, Khanane sin Khan, og frå 1517, Kommandør av dei trufaste og etterfølgjar av Profeten for Universets Herre, mao. kalif, som teoretisk sett gav han herredøme over alle andre muslimske herskarar i heile verda.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Det var ein del endringar i organisasjonen opp igjennom tidene, men det var òg mykje som var konsekvent. Den øvste herskaren var alltid sultanen. Dei utvikla ein avansert organisasjon over tid. Dei hadde ei veldig sentralisert regjering med Sultan som overhovud, men hadde òg ein veldig effektiv kontroll på sine provinsar og byar. Dei hadde ein klasse som vart kalla askeri, som inkluderte adelege, militære offiserar og den religiøse klassen ulema. Middelklassen vart kalla reaya. Denne klassen hadde ingen allusjonar til religion, det viste i ein meir praktisk forstand at ein ikkje høyrte til askeriklassen. Likevel har klasseskiljet aldri vore like stort i Det osmanske riket som i land som Storbritannia og Russland.

Regjeringa[endre | endre wikiteksten]

Alle avgjersler vart tatt av den imperiale regjeringa. Rikdom og rang var ikkje noko du nødvendigvis arva, men derimot måtte ein gjere seg fortent til det. Militærteneste var eitt viktig element med tanke på steg opp i hierarkiet. Dette viser seg ved at sultantittelen ikkje følgde noko spesifikt mønster, (tittelen gjekk til eldste son eller til eldste bror osv).

Den administrative eliten[endre | endre wikiteksten]

Ministrane (Nazirane) hadde ikkje så mykje påverknad på sultanen som visirane, men kontrollerte ministerium (Nazereti). Ministeriet og avdelingane var viktige delar av det osmanske byråkratiet. Ministeriet gav visirane alt av informasjon som dei kravde. Den viktigaste ministeren var Adliye Nazırı (justisministeren) som omfatta både den borgarlege retten (kadis) og den militære retten (kadiaskers eller kaziaskers), som var den øvste juridiske autoriteten etter seyhulislam som var den øvste relegiøse leiaren av ulema. Andre representantar innanfor eitt ministerium var Kethüdar, ein assistent til ministeren som hadde fleire funksjonærar (kalfas) under seg. Det var kalfaane som gjorde alt papirarbeidet.

Den militære eliten[endre | endre wikiteksten]

Janitsjarane på patrulje i Konstantinopel.

For kvar militære avdeling var det ein nazir som hadde den administrative makta. Under han var det ein Ağa som hadde den høgtidlege kommandoen over avdelinga. Det var òg ei avdeling av palassvaktar (Zuluflu Baltaci) som var under kommando av Sverdmeisteren og palassgartnarar (Bostancı) som òg hadde ansvaret for sultanen sin luksusbåt. Dei som vart lært i europeisk etikette og språk (for det meste fransk) tente som yasakçi, vaktar for utanlandske ambassadørar i Konstantinopel. Ein hadde òg det vidkjende elitekorpset janitsjarane.

Den politiske eliten[endre | endre wikiteksten]

Trass i at sultanen var eineveldig, hadde han mange rådgjevarar og ministarar. Han med størst makt var vizeri, storvisiren, av Divan. Divan var eitt råd der visirane møtte kvarandre og diskuterte politikken i imperiet. Det var den øvste visiren sin plikt å informere sultanen om rådet si meining. Sultanen tok svært ofte meininga til seg, men han måtte på ingen måte styre seg etter den. Nokre gonger kalla sultanen sjølv inn til møte viss det var noko viktig han måtte informere om, som t.d. ein føreståande krig. Visirane sørgde så for at ordrane hans vart følgde. Talet på visirar i Divan varierte frå tre til sju. Enkelte gonger deltok òg leiaren av Janitsjarane (ağa) på møtene.

Retten[endre | endre wikiteksten]

Visirane var den harde kjernen av adelen, trass i at dei hovudsakleg var tenarar for sultanen. I tillegg hadde visirane eigne rådgjevarar (kahya). Andre adelege familiar som budde i Konstantinopel vitja ofte retten for festlege høve og seremoniar. Dei geistlege var ein annan prominent del av retten. Muftiane og imamane var alltid til stades ved religiøse seremoniar, noko som det ofte var. Müteferrika var ein slags klubb for unge adelege menn. Dei var ofte ute på jakt med sultanen.

Palasset[endre | endre wikiteksten]

I palasset var det óg en heil del tenarar som tok mat, drikke og ved til peisane gjennom palasset. Avdelinga til døropnarane (Kapıcı) talte mange hundre og var ansvarlege for å opne dører. Den øvste av døropnarane var òg ansvarleg for å eskortere viktige gjester. Ein del lakeiar (Çikadar) tente som bodbringarar i palasset og i byen.

Osmanhuset[endre | endre wikiteksten]

Sultanen vart beverta av ein hærskare av tenarar. Han hadde kokkar, tenestemenn til å vedlikehalde skattane og våpna sine, tenarar som følgde han på kampanje, og dei beste av tenarane vart vald til å tene sultanen personleg. Ein som var ansvarleg for garderoben hans, ein til å servere han drikkevarer, ein til å bere våpna hans, ein til å hjelpe han på hesten, ein var ansvarleg for turbanen hans og ein barberar som barberte sultanen kvar dag. Men mange av sultanane er óg kjende for å ha gjeve avkall på luksus sjølv om dei levde i palasset.

Harem[endre | endre wikiteksten]

Haremet i Tokapi-palasset.

Haremet var eitt av dei viktigaste delane av Det osmanske hoffet. Det vart styrt av Valide Sultan (eller Baş Kadın) som var mora til sultanen. Ho nøyt absolutt makt over haremet og ein utsøkt posisjon i hoffet. Ho ville til tider involvere seg i statspolitikk og svekke makta og posisjonen til sultanen i det som vart kalla Sultanatet av Kvinner. Under sultanen si mor i hierarkiet var Hasseki Sultan, dronninga og mora til sultanen sin førstefødde son. Sultanen hadde óg tre andre offisielle koner, Hasseki Kadın. Under sultanen sine koner kom hans åtte favorittelskarinner (ikbaliks eller hassodaliks direkte omsett «heldig jente») føre dei «føretrekte» elskerinnene (gözde eller gedik). Neste på rangstigen var elskarinnene til embetsmenn under sultanen. Elevar (acemi) eller noviser (cariye eller şahgird) var yngre kvinner som anten venta på å bli gifta bort eller som ikkje var ferdig med Haremskulen.

Haremet var under administrasjon av evnukkane, som igjen var delt i to kategoriar, Svarte og Kvite evnukkar. Svarte evnukkar var slavar tatt i Afrika som serverte og tente Harem-kvinnene og embetsmennene i haremet som saman med vanlege tenestejenter var av låg rang. Kvite evnukkar var europearar frå Balkan. Dei tenestegjorde som rekruttar til Palasskolen og mista tilgang til haremet frå 1582. Ein viktig person i det osmanske hoffet var sjefen for dei svarte evnukkane (Kızlar Ağası eller Harem Ağası). Han hadde kontroll over haremet og hadde eit nettverk av spionar gjennom dei svarte evnukkane over heile palasset, derfor var han involvert i dei fleste intriger og kunne dermed oppnå ei viss makt over sultanen og/eller visirane hans og andre embetsmenn av hoffet.

Feil av staten[endre | endre wikiteksten]

Slutten på Det osmanske imperiet var veldig mykje økonomisk relatert. Det er ålment meint at dei ikkje klarte å etablere eitt økonomisk og politisk hegemoni innanfor sitt eige imperium. Utan økonomisk støtte eller deltaking i sjukehus, bibliotek, nært sagt med alt som hadde med ålmenn trivsel og velferd å gjere, så var dette berre avhengig av sivile investeringar som fekk namnet vakif. Gjennom heile veksten til imperiet gjekk så og sei all handel mellom Europa og Asia gjennom Det osmanske riket både på land og på sjø. Når dette endra seg på slutten av 1700-talet mista riket eitt av sine viktigaste inntektskjelder. Staten feila òg ved at dei ikkje fornya seg med tanke på at dei ikkje industrialiserte seg noko nemneverdig, men var stort sett avhengig av bønder som ei inntektskjelde. Medan Europa hadde ei enorm industrialisering i same periode, stod Det osmanske riket i det store og det heile stille.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den økonomiske strukturen til Det osmanske riket var definert av geopolitisk struktur. Imperiet stod midt i mellom Vest og Aust, dermed blokkerte dei spanjolane og tvinga dei til å søke ut ein ny rute til Orienten. Riket haldt same rute som Marco Polo ein gong brukte. Når Christoffer Columbus kom til Amerika var Det osmanske riket på sitt største som ein økonomisk stormakt som spreidde seg over tre kontinent. Det er studiar som viser at det er ein samanheng mellom endra politikk mellom Det osmanske riket og Sentral-Europa og opningar av nye ruter til Austen. Det er òg mogeleg å sjå forfallet av Det osmanske riket ved at landrutene vart mindre viktig. I realiteten stod imperiet fast på sine tradisjonar, medan Sentral-Europa flytta seg framover.

Lov og rett[endre | endre wikiteksten]

Rettsystemet til imperiet var basert på filosofien av lokal rettsvitskap. Lokale rettsystem som ikkje var i konflikt med staten som ein heilskap, vart stort sett latt vere i fred. Det tydde at kristne og andre grupper kunne døme kvarandre etter eigne roller. Det osmanske imperiet hadde tre rettsystem; ein for muslimar styrt av kadi (dommarar), ein for ikkje-muslimar (utnemnde jødar og kristne hadde sine trusretningar som ansvar) og ein for handel. Retten som vart brukt var avhengig av kva for partar som var involvert. På toppen av dette var Kanun-lova. Desse kategoriane var ikkje eksklusive; muslimsk rett kunne verte brukt for ein handelskonflikt eller internreligiøse saker. Øvst var den islamske retten.

For lovsystem gjaldt Kanun-lova og Sharia-lova. Det osmanske riket involverte seg ikkje i andre religiøse lovsystem. Sharia utvikla seg frå Qur'an og frå orda til profeten Muhammed, og baserte seg hovudsakleg på Hanafi-tradisjonen. Kanun-lova var ei sekulær lov av sultanen. Det var undervisning av begge på jusskulane som var i Bursa og Konstantinopel.

Jødar og kristne gjekk ofte til den islamske retten for å få ein meir mektig avgjersle på konfliktar og saker. Kvinner gjekk som regel alltid til den islamske retten då det oftare tok parti for kvinner og gav meir rettferdige erstattingar til dei.

Militæret[endre | endre wikiteksten]

Det første osmanske militæret var ein hær som var organisert av Osman I. Den bestod av tyrkiske stammefolk frå Anatolia seint på 1400-talet. Dette var ryttarar som var utstyrt med enkle våpen som pil og boge og spyd. Dei vart tildelt landområde i okkuperte land som vart kalla timars og dei vart tildelt tjuvgods eller krigsbytte. Dette var godtgjersle og løn for deltaking i kampanjen. Orhan I organiserte ein hær som vart betalt løn og ikkje landområde som dei okkuperte. Infanteriet vart kalla yayas og kavaleriet vart kalla müsellems. Det var stort sett utanlandske leigesoldatar fordi tyrkarar generelt ikkje godtok overgangen frå ikkje å få tjuvgods og landområde. Desse utanlandske leigesoldatane vart ikkje tvunge eller bede om å konvertere til islam, dei måtte berre lyde den osmanske kommandøren. Under eit bilete av H. G. Dwight av gravferda til mange frivillige osmanske soldatar var teksten:

«Ein offiser var igjen, han haldt ein enkel tale for dei som grov gravene. Brør, sa han, her er menn av alle nasjonalitetar, tyrkarar, albanarar, grekarar, bulgararar, jødar; men dei døde saman, på same dag, kjempa under same flagg. Mellom oss er det òg menn frå alle nasjonar, både muhammedanarar og kristne; men vi har eitt flagg og vi ber til ein Gud. No kjem eg til å be ei bøn, og når eg ber så skal alle de be òg, på dykkar eige språk og på dykkar måte.»

Den osmanske hæren var på si tid ein av dei mest avanserte og best trente. Dei var mellom anna ein av dei første som tok i bruk muskett. Dei vidkjende janitsjarsoldatane var ei eliteavdeling som tok seg av vakthaldet rundt sultanen. Men dei var òg kjende for å vere korrupte og vart oppløyst i 1826. Den osmanske hæren leid under janitsjarane sin korrupsjon og i krigane mot Russland mangla hærane moderne våpen og teknologi. Moderniseringa av Det osmanske riket på 1800-talet starta med militæret. Offiserar vart send på trening i vesteuropeiske land og det vart hyra inn utanlandske ekspertar som skulle utbetre militæret. Teknologi og nye våpen vart kjøpt inn frå Tyskland og Storbritannia. Dei fekk eit flyvåpen og marine. Dei lukkast med å modernisere hæren, men det var framleis veldig langt igjen til dei vestlege stormaktene.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Før tyrkarane konverterte til islam, praktiserte dei ein annan monoetistisk religion. Etter den første kontakten deira med arabarane aksepterte ei rekkje tyrkiske stammar islam og forkynna den nye trua si lengre inn i Turkistan. Prosessen med konvertering var over lenge før Det osmanske riket oppstod. Så tidleg som i 1453, etter dei hadde erobra Konstantinopel, gav dei spesielle privilegium til kristne som hadde høyrt til det gamle Austromarriket. Dei kristne vart undersåttar av Det osmanske riket, men ikkje av muslimsk tru og reglar.

Det osmanske riket gjekk aldri aggressivt til verks for å konvertere individ eller fremme islam hos ikkje-muslimske grupperingar. Staten var det viktigaste målet for Det osmanske riket og samarbeid med alle forskjellige partar var livsviktig viss imperiet skulle vare. I mange hundre år vart Det osmanske riket sett på som ei trygg hamn for jødar og andre som vart forfølgd for trua si.[treng kjelde] Det osmanske riket hadde òg eit veldig fredeleg forhold til den ortodokse kyrkja. Ho fekk lov til å halde fram dei stadane ho var. Konstantinopel vart endra eksternt for å framstå som meir tyrkisk. Namnet vart endra til Istanbul, og nokre kyrkjer vart omgjort til moskéer, inkludert Hagia Sophia, men lite vart øydelagd i kyrkja. Dei tok mellom anna vare på dei kristne mosaikkane som berre vart dekt til. I 1935 vart dei igjen tatt fram og Hagia Sophia er i dag eitt museum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Finn Fuglestad: Fra svartedauden til Wienerkongressen: den vesterlandske kulturkretsens historie 1347-1815 i et globalt-sammenliknende perspektiv Ei europahistorie der utviklinga i det osmanske riket vert samanlikna med utviklinga i det kristne Europa. Cappelen 2004 (1.utg 1999) ISBN 82-02-23857-9
  • Knut S. Vikør: Ei verd bygd på islam: oversikt over Midtaustens historie Oversikt over 1300 års Midtausten-historie skrive av Noregs fremste spesialistar på islams rettshistorie og historie. Samlaget 2004 (1.utg 1993) ISBN 82-521-6327-0

Engelsk litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Cleveland, William L. The Ottoman and Safavid Empires: A New Imperial Synthesis i A History of the Modern Middle East. s. 37–56. ISBN 0-8133-4048-9.
  • Creasy, Sir Edward Shepherd. History of the Ottoman Turks: From the beginning of their empire to the present time. R. Bentley and Son, 1877.
  • Finkel, Caroline. Osman's Dream: The Story of the Ottoman Empire, 1300–1923. ISBN 0-7195-5513-2.
  • Imber, Colin. The Ottoman Empire, 1300–1650: The Structure of Power. ISBN 0-333-61386-4.
  • Jelavich, Barbara. History of the Balkans: Eighteenth and Nineteenth Centuries. ISBN 0-521-25249-0.
  • Lybyer, Albert Howe. The Government of the Ottoman Empire in the Time of Suleiman the Magnificent. ISBN 0-404-14681-3.
  • Necipoğlu, Gülru. Architecture, Ceremonial, and Power: The Topkapi Palace in the Fifteenth and Sixteenth Centuries. ISBN 0-262-14050-0.
  • Artikkelen inneheld omsett tekst frå Encyclopædia Britannica - 1911 utgåva - som ikkje lenger er verna av opphavsrett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det osmanske riket