Botzer

Koordinatar: 46°55′51″N 11°11′53″E / 46.93083°N 11.19806°E / 46.93083; 11.19806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Botzer
fjell
Botzer, sett frå nordvest
Land  Italia
Fjellkjede Stubaialpane
Høgd 3 250 moh.
Førstestiging 1874
Koordinatar 46°55′51″N 11°11′53″E / 46.93083°N 11.19806°E / 46.93083; 11.19806
Kart
Botzer
46°55′51″N 11°11′53″E / 46.930833333333°N 11.198055555556°E / 46.930833333333; 11.198055555556
Wikimedia Commons: Botzer

Botzer er eit 3 250 meter over havet høgt fjell i Stubaialpane i provinsen Bolzano i Italia.

Kring fjellet ligg isbrear i nordvest og i aust. I nordvest breier seg sørdelen av Botzerferner, som når heilt opp til om lag 3 200 meters høgde, i aust når Hangende Ferner heilt opp til tindekrossen på fjellet. Mot nord, søraust og vest går markerte egger.

Frå landsbyen Ridnaun tok fjellklatraren Theodor Petersen og fjellføraren Alois Ennemoser seg heilt til topps på Botzer den 16. juli 1874, og vart dermed dei fyrste som kunne skode ut frå fjelltoppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]