Boulevard du Montparnasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boulevard du Montparnasse i 2013
Boulevard du Montparnasse

Le boulevard du Montparnasse er ein 1 632 meter lang boulevard (særs brei gate, gjerne med ein allé mellom fortaua og køyrebana) som går så å seie i rett line nordvest-søraust langsetter grensene for 6., 14. og 15. arrondissement i Paris i Frankrike. På 1950-talet vart bolulevarden mykje endra ved at køyrebana vart utvida i breidda frå 13,5 til 21 meter på kostnad av fortaua langsetter gata. Den totale breidda på boulevarden er 39 meter.

Boulevarden går etter ein trasé som opphavleg var planlagt i 1704 av kong Louis (Ludvig) XIV som ein av fleire såkalla boulevards du Midi. Traseen vart stukke i 1714, men arbeidet i terrenget kom ikkje i gang før i 1761.

Namnet på boulevarden (og området Montparnasse) skriv seg frå ein kunstig haug av leivningar frå rivne bygningar som på 1600-talet vart kalla Mont de Parnasse. Dette var eit ironisk namn som refererte seg til dei studentane i grannelaget som nytta haugen som ein stad der dei deklamerte dikt[1]. Mont de Parnasse, «Parnass-fjellet», låg ikkje langt unna universitetet. Ettersom Parnasset ifylgje gresk mytologi var bustaden til dei kvinnelege skapnadene, musene, som hadde med kunst og vitskap å gjere, høvde det bra å omtale haugen av rivingsmasser på dette viset. Boulevarden gjekk gjennom haugen, som vart jamna heilt ut på midten av 1700-talet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacques Hillairet. Dictionnaire historique des rues de Paris, éditions de Minuit. Side157. ISBN 2-7073-1054-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Boulevard du Montparnasse