Brødre i blodet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brødre i blodet er den tredje romanen av fire i serien om Elling av Ingvar Ambjørnsen.

Romanen vart utgjeven i 1996 på Cappelen og er omsett til fleire språk.

Dei fire bøkene i serien er Utsikt til paradiset (1993), Fugledansen (1995), Brødre i blodet (1996) og Elsk meg i morgen (1999)

Handling[endre | endre wikiteksten]

I den tredje boka i serien møter vi på Elling og Kjell Bjarne som no vert utskrivne frå Brøynes kurssenter, og flyttar inn i ei leilegheit i Kirkeveien midt i hovudstaden i landet, Oslo.

Dei har vore på Brøynes eit godt bel, og kjem inn i ein ny kvardag der dei får meir ansvar for seg sjølv. No vert dei blant anna tvinga til å gå ned på butikken for å handla og får stadig vekk oppgåver av sosialarbeidaren Frank, som skal hjelpa dei med å bryta dei sosiale barrierane dei står ovanfor. Han trugar dei med å måtta flytta tilbake til Brøynes viss dei ikkje viser noko framgang.

Frå første bel har Elling problem med å koma seg ut på gata. Der ute vrimlar det med mange ulike personar som Elling tenkjer det vondaste om. I starten er det berre Kjell Bjarne som tek for seg handleturene (det gjer han for så vidt heile tida). Begges store sosiale gjennombrot er når dei tek seg sjølv i nakken og går ut for å få seg noko middagsmat. Elling er naturleg nok skeptisk til det, men Kjell Bjarne klarer å få han med. Dei finn seg ein kafé, og bestiller «Flesk og duppa». Denne spiseturen ute blant folk er ein av oppgåvene Frank sat dei på.

Turen på gata fører til noko meir positivt enn berre å koma seg ut av huset for å eta blant folk. Telefonen hadde Elling alltid hatt store problem med å snakka i. Då mora levde var det ho som alltid ringte og tok imot samtalar. Midt under etinga går Elling bort til telefonen på Kafeen og ringar til Frank for å fortelja om deira bragd. Nok ein barriere er brote for han.

I det store og heile gjennom boka, er det Kjell Bjarne som gjer det best av dei to, sosialt sett. Elling derimot er litt meir bakpå, men har god framgang han og. No skjer det derimot noko som forandrar livet til Kjell Bjarne. Elling og Kjell Bjarne høyrer ein kveld braking i trappeoppgangen. Kjell Bjarne går straks ut i trappeoppgangen, etter litt syting frå Ellings side. Der finn Kjell Bjarne ein godt rusa og gravid vaksen dame som har falle nedover trappene og vorte medvitslaus. Det viser seg at ho heiter Reidun Nordsletta. Kjell Bjarne ber henne opp i hennar eiga leilegheit, etter å ha funne nøkkelen i vesken hennar. Han vert sitjande oppe i leilegheita og passa på henne til ho vaknar

Det utviklar seg til eit forhold dei imellom, litt motgang, men tilsynelatande godt. For Elling er ikkje dette så bra. Kjell Bjarne er no for det meste opp i leilegheita til Reidun, medan Elling vart sitjande igjen åleine i det som skulle vera hans og Kjell Bjarnes leilegheit. Kjell Bjarne skjønner etter eit kort bel korleis Elling har det og inviterer han med ut på middag neste dag. Han vert ikkje med på det og seier at han skal på eit møte. Problemet som då oppstår er likevel det faktumet at han ikkje skal på noko møte, og på ingen måtar har vore på eit før. Men så får han neste dag øya på eit lite oppslag i avisa om ein poesikveld, og avgjer å dra dit. Så får dei to turtelduene kurra i fred.

At han nettopp gjekk på dette poesiarrangementet gjorde det på mange måtar godt for han sosialt sett. Han gjekk verkeleg inn døra, sette seg ned på ein barkrakk, bestilte ein Solo og følgde med på poesien der han var blant mange tilskodarar. Denne kvelden fekk han ein kjenning, Alfons, ein tidlegare aktiv poet. Dette var den første skikkelege venskapen han hadde hatt. Forutan mor og Kjell Bjarne, men dei var jo påtrengt. Både han og Alfons var samde om at poesien den kvelden var av særs dårleg kvalitet.

Så var det Kjell Bjarne igjen. Det viser seg at Kjell Bjarne har problem med å finna noko å snakka med Reidun om under turar ut på byen og generelt òg. Reidun har òg reagert på dette, og søkjer hjelp hos han som kjenner Kjell Bjarne aller best, nemleg Elling. Det er på dette tidspunktet alt løyser seg. Elling reddar Kjell Bjarnes tilhøve til Reidun ved å fortelja henne om kor høgt Kjell Bjarne elskar henne.

Venskapen mellom Elling og Alfons, vart berre betre og betre. Etter kvart fekk òg kjæresteparet møta Alfons heime hos han. Då fekk dei vita at Alfons har ei hytte ved sjøen som han ikkje hadde brukt på aldri så lenge. I garasjen sin har han ein gammal bil som kunne frakta alle fire til hytta dersom han var i orden. Etter ein del mekking klarer Kjell Bjarne å få den gamle bilen til å gå. Han er nemleg særs nevenyttig. På Brøynes lima han til dømes saman eit hus av fyrstikker som skulle forestille romma til han og Elling. Det gav han til Elling ein julaftan. Motorar hadde han vore borte i som ungdom.

Alle fire køyrde til hytta med Alfons bak rattet. Etter å ha kome seg fram, slått seg ned, prata saman dei fire imellom, ete og kost seg, kjem kvelden sigande på. Kjell Bjarne, som den uhygieniske bamsen han er, er ikkje nydusjet og sokkane og underbuksa luktar gris. Då var Elling så sjenerøs at Kjell Bjarne fekk låna reine sokkar og underbukse når det viste seg at han skulle liggja i same seng som Reidun den kvelden.

Den natta då Elling la seg høyrde han stønninga til kameraten hans og Reidun gjennom den tynne veggen som skilde dei to romma. Det heile enda med at Kjell Bjarne skreik høgt; «Fytti helvete». Kjell Bjarne hadde fått oppfylt den store draumen sin. Pornoblada var overflødige.

Vidare i boka oppdagar Elling at han har særleg sans for poesi. Etter å ha skrive ned eit dikt på strak arm går det heile opp for han: «Det er poet eg bør vera…». Dette fører med seg at han held fram å skriva og kjem til slutt på ein måte han kan bli kjend på i nabolaget. Han set seg ned ved pulten sin kvar dag og skriv mange dikt, kjøper inn pakker med surkål, legg eit dikt ned i kvar pakke, og set pakka tilbake i butikken. Kvart dikt signerer han med ein E, slik at han ikkje skal koplast til dikta, berre få kreditt for dei. Det endar som han vil. I avisa vert det trykt ein artikkel om den gode og ukjende «Surkålpoeten».

Den siste delen av boka fortel om fødselen til Reidun, korleis Elling og Kjell Bjarne drikk seg full på ein restaurant medan Reidun ligg på sjukehuset og skal til å føda, og at identiteten til «Surkålpoeten» vert avsløra ovanfor Alfons. Det at dei drakk seg full fekk dei til å tru at dei no ville sendast attende til Brøynes. Slik gjekk det no ikkje. Frank var heller stolt av dei som hadde gått ut på byen og drukke seg dritings som folk flest gjer til tider. Reidun fødde ei svær jente som vart kalla Mojo, og Kjell Bjarne sette i eit gledesbrøl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]