Brandbu prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°26′17″N 10°28′44″E / 60.4379818506°N 10.4788214094°E / 60.4379818506; 10.4788214094

Hovudbygningen
Foto: Ina Backer

Brandbu prestegard eller Nistua Råssum ligg om lag to kilometer frå Nes kyrkje, i ein vestvendt ås nord for Røykenvik. Garden vart kjøpt inn i 1882 til bruk som embetsgard for kapellanen i Gran.

Hovudbygningen[1] er eit laftebygg i to etasjar på ein grunnmur av stein. Bygningen er freda saman med driftsbygning og stabbur. Elles omtalar bygdeboka for Hadeland (utgjeve 1932) forpaktarbustad, vognskur og størrhus samt hage og skogeigedom. Prestegarden skal i si tid ha hatt to husmannsplassar som er selde.

Opplysningsvesenets fond selde garden i 2003,[2] og garden vart lagt ut for sal på nytt i 2016.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifylgje Nationen frå 1790, ifylgje Riksantikvaren frå tidleg 1800-tal.
  2. NRK Hedmark og Oppland
  3. Anders R. Christensen (10. juni 2016). «Selger gård for 29 millioner – kan gå med tap». Nationen. Henta 11. september 2016. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]