Brandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 64°12′41.778″N 10°20′25.937″E Brandsfjorden er ein fjord i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 9,5 km søraustover til Straum i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom øya Terningen i sør og Kvassholmen ved Storvika i nord. Aust for Terningen ligg Spælodden og mellom desse går Hellfjorden sørover. Fjorden går søraustover til bygda Hofstad og her svingar fjorden sørover.

Inst i fjorden stikk den lange og smale Minusodden seg nordover i fjorden. På austsida ligg grenda Straum, medan Einarsdalen ligg på vestsida.

Fylkesveg 14 går langs sør og vestsida av fjorden.