Brasme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brasme

Braxen, Iduns kokbok.jpg

Vitskapleg namn
Abramis brama
Utbreiing
Habitat: ferskvatn
Utbreiing: Asia, Europa
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Cypriniformes
Familie: Karpefamilien

Brasme (Abramis brama) er ein fiskeart i karpefamilien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brasme blir vanligvis 0,5–3 kg, men fisken kan bli opptil 8-9 kg og 75 cm. Kroppen er høy og sammentrykt fra sidene. Noregsrekorden for brasme tatt på stong er på 5,526 kg.[1] Dette er 276 gram tyngre enn den gamle rekorden (som var fra samme området).

Brasma kan likna på ein mindre slektning, flire, men kan skiljast frå denne ved talet på finnestrålar i gattfinnen. Brasme har 23-32 finnestråler, mens flire har 19-22.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Brasme lever i ferskvatn i Europa nord for Alpane og Pyreneane og austover mot Aralsjøen og Kaspihavet. I Austersjøen, Aralsjøen og Kaspihavet finst fisken også i brakkvann. Utbreiinga i Noreg er hovudsakleg på Austlandet, men brosme finst også i spredte vatn oppover mot Trøndelag, og sørover mot Agder-fylkene.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Brasme på utstilling i Praha

Fisken blir kjønnsmogen i 3- til 6-årsalderen og gyter normalt i mai-juni. Han gyter i puljer, og det er heilt normalt at talet på egg kjem opp i mellom 200 000-300 000. Gytinga finn helst stad i grunne viker eller sideelver med mykje vegetasjon. Brasma kan oppnå ein høg levealder, og det er dokumentert eksemplar som var over 30 år gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. June Marlén Sørensen. 2003. Norges største brasme. Ringerikes Blad. Besøkt 16. desember 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brasme
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Abramis brama