Carl von Linné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl von Linné, portrett av Alexander Roslin.

Carl von Linné uttale  (23. mai 170710. januar 1778), før adlinga i 1757 Carl Linnæus, Carolus Linnæus, var ein svensk botanikar, lækjar og zoolog som la grunnlaget for den moderne nomenklaturen i biologien og den moderne systematikken som grupperer vekstar og dyr. Han vert også rekna som opphavsmannen til den moderne økologien.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Carl von Linné sin heim i Uppsala.
Foto: Andreas Trepte
Carl von Linné sin hage i Uppsala.
Foto: Andreas Trepte

Carl Linnaeus var fødd i kapellangarden Råshult i Stenbrohults sokn i Kronobergs län i Småland. Linné var eldste son til kapellanen, seinare kyrkoherden, Nicolaus (Nils) Ingemarsson Linnæus (1674-1748) og Christina Brodersonia (1688-1733). Faren tok slektsnamnet etter eit stort lindetre; to av onklane hans på morssida hadde tatt slektsnamnet Tiliander (lat. tilia, 'lind').

Sommaren 1709 flytta familien til Stenbrohults prestgård der Carl von Linné sin kjærleik til naturen vakna. Faren delte denne kjærleiken og var svært botanisk interessert. Dei var begge opptekne av familien sin hage, som var mellom dei fremste i Småland. Faren kunne vere utolmodig, men så «töstnade han strakst, så snart man gav honom en blomma i handen». Carl sa om hagen, som inneheldt mengder av utanlandske vekstar, at han «med modersmjölken inflammerat min håg med outsinlig kärlek till örterna».

Som far og morfar sin, kyrkoherden i Stenbrohult, Samuel Brodersonius, var det tenkt at Carl von Linné skulle verte prest, men han viste ikkje noka større interesse for dette. Interessa hans for botanikk imponerte ein lækjar i byen Växjö, som låg i nærleiken, og han vart i august 1727 send til Lund for universitetsstudium og fekk då Kilian Stobæus som sin mesen og lærar.

Etter eit år flytta han til Uppsala der han fekk rettleiing av Olof Celsius d.e. og Olof Rudbeck d.y. og vart god ven med iktyologen Peter Artedi. Linné vart sagt å vere ein sosial person som det var lett å omgåast.

I 1741 vart Linné utnemnd til medisinprofessor ved Uppsala universitet. Han var rektor for universitetet vårterminen 1750, og haustterminane 1759 og 1772. Dessutan var han inspektør ved Smålands nation.[1]

Han gifta seg i 1739 med Sara Elisabeth Moræa frå Falun. I Sveden utanfor Falun finn ein Linnés bröllopsstuga der bryllaupet fann stad, i dag eit svensk kulturminne.

Linné døydde 10. januar 1778 i Uppsala i Uppsala län (Uppland) og er gravlagd i Uppsala domkyrkje. Paret fekk sju barn, mellom andre Carl von Linné d.y.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Ingen enkeltperson har sett større preg på den biologiske systematikken enn Linné. Spesielt verdfullt var det at han rakk å klassifisere samtlege organismar som var kjente på hans tid. Dei systematiske reglane som Linné fann opp, var ikkje dei einaste tenkelege, og heller ikkje nødvendigvis dei beste. Men Linné hadde med den utrøyttelege arbeidsinnsatsen sin skildra alle artar etter eitt gjennomført regelsett. Dette har ingen klart verken før eller seinare. Difor vart det avgjort at arbeida til Linné skulle danne startpunktet for det internasjonale systematiske regelverket som —med nokre tilpassingar — framleis er i bruk. Linné si bok Species plantarum (1753) blei utropt til den fyrste publikasjonen med artsskildringar etter reglane, medan den tiande utgåva av Systema naturae (1758) blei den fyrste publikasjonen med godkjende skildringar av dyr.

Skissering av seksualsystemet utvikla av Linné, teikna av Georg Dionysius Ehret i 1736.
Statue i Royal Academy of Art i Piccadilly i London
Foto: Andrew Dunn

Linné innførte fem kategoriar: Arten, slekta, ordenen, klassen og riket. Seinare har ein tilført fleire kategoriar (som «familie» mellom slekt og orden, eller «rekkje» mellom klasse og rike). Dette systemet var nyttig for å systematisere organismar, det vil seie «putte dei i bås». Det bygde likevel på ein før-evolusjonær tenkjemåte, nemleg overtydinga om at klassifiseringa til sjuande og sist måtte vere vilkårleg. Sidan utgjevinga av Darwin si bok The Origin of Species (Artenes opprinnelse) i 1859 veit ein derimot at artar er i slekt med kvarandre. I dag er ein derfor einig om at eit system bør gje att det evolusjonære slektskapet artane i mellom. Kategoriar er likevel svært dårleg eigna til dette formålet, og vert difor brukt i stadig mindre grad av systematikarar. Det vert også jobba med utkast til regelverk som ikkje brukar kategoriar.

Spesielt var Linné sin plantesystematikk (seksualsystemet) kunstig, sidan det var basert på nokre veldig få, utvalde eigenskapar. Det er derfor gått heilt ut av bruk i dag. Dyresystematikken til Linné inneheld derimot fleire grupperingar som er samanfallende med slektskapsgruppene som brukast i dag. I ein annan samanheng er også delar av seksualsystemet enno i bruk, nemleg i fastsetjingsnøklar. Her er dei enkle kriteria til Linné framleis svært nyttige.

Ved sidan av systematikk låg det viktigaste bidraget til Linné i botanikken. Nesten alle botaniske fagomgrep går tilbake på Linné. Vidare var Linné ein habil geolog, og han får også æra for å ha innført celsiusskalaen.

Den taksonomiske filosofien til Linné[endre | endre wikiteksten]

Det var vanleg på Linné si tid (og hadde vore vanleg heilt sidan Platon) å tilordne planter og dyr til slekter og artar. Slekta vart på mange måtar sett på som grunneininga, medan dei ulike artane i slekta vart «variasjonar i slekta». Slekta var altså grupper av arter som hadde ei rekkje likskapstrekk. Dei ulike artane i slekta hadde derimot kvar sine særtrekk som skilte dei frå kvarandre og frå grunntrekka i slekta.

På 1700-talet hadde systematikken opplevd ei oppbløming, som skuldast både den større vitskaplege aktiviteten i opplysningstida, men òg like mykje oppdagingsreisene i kolonitida i dei nye kontinenta. Det vart skildra så mange nye artar at også talet på kjende slekter vart svært uoversiktleg.

På dette punktet kom Linné med to svært viktige nyskapingar. Han innførte kategoriar for å klassifisere artane, og han skilte namna til arten frå diagnosen. Desse to punkta vert handsama i det følgjande etter tur.

Kategoriane til Linné[endre | endre wikiteksten]

Linné trudde, som var vanleg på den tida, at artane og slektene hadde vore skapt slik dei var av Gud. Å tilordne artane til ei felles slekt, var difor for Linné eit ledd i å avdekke skaparakta til Gud og å vise stordomen hans. For å ta vare på oversikta over artane, innførte Linné likevel større einingar, som han kalla for ordenar og klassar. Alle slekter skulle tilordnast ordenar, og alle ordenar til klassar. På denne måten skulle det vere enklare å hugse på den systematiske tilhøyrigheita til dei enkelte artane.

I motsetnad til artar og slekter såg Linné på ordenar og klassar for å vere høvesvis vilkårlege. Treffande når det gjeld det er utsegna hans om at «artar og slekter er Gud sitt verk, ordenar og klassar er mennesket sitt.»

I tillegg brukte Linné nemninga rike for å skilje mellom plantar og dyr (samt mineral, som Linné klassifiserte ved sidan av organismane). Omgrepa art, slekt, orden, klasse og rike vert i dag regna som taksonomiske kategoriar. Mange av gruppene Linné brukte, hadde lenge vore kjende (til dømes fuglar eller fiskar). Men det var Linné sin idé å lage eit system med faste kategoriar, der kvar art høyrde til nøyaktig éi gruppe av alle dei større kategoriane.

Den binomiale nomenklaturen[endre | endre wikiteksten]

Før Linné var det i den biologiske systematikken ikkje noko klart skilje mellom namnet på ein art og diagnosen han hadde. Namnet var slekta sitt namn (eit substantiv) etterfylgt av ei heil rekkje adjektiv. Talet på adjektiv varierte, men kunne verte ganske høgt (opptil tolv hjå Linné), sidan skildringa skulle vere tilstrekkeleg for å skilje arten frå dei andre artane i slekta. Fordi vitskapsspråket var latin, var sjølvsagt også artsnamna latinske (eller latiniserte gammalgreske) ord. Dette systemet var svært uoversiktleg. Ikkje berre var namna lange og vanskelege å hugse, dei måtte også endrast jamleg. Dersom ein oppdaga ein ny art som høyrde til ei kjend slekt, kunne det nemleg hende at dei eksisterande artsnamna ikkje lenger var eintydige og måtte oppdaterast og utvidast.

Linné innførte i 1753 den binomiale nomenklaturen for artar, altså artsnamn som inneheld nøyaktig to ledd: eit slektsnamn og eit etterfølgjande epitet (gresk bi, 'to', latin nomen, 'namn'). Eit døme er det toledda namnet Homo sapiens for mennesket. Epitetet (i vårt tilfelle altså sapiens, 'klok') skulle ikkje lenger vere noka full skildring av arten. Det var tilstrekkeleg at namnet var eintydig. Diagnosen var framleis ein viktig del av skildring av ein art, men han vart uavhengig av namnet på arten. Epitetet trengde heller ikkje nødvendigvis å skildre ein eigenskap ved arten, han kunne referere til funnstaden, til leveviset, til ein person eller vere fritt oppfunne.

Klassifikasjonen til Linné[endre | endre wikiteksten]

Linné klarte å publisere skildringar av samtlege artar som var kjende for vitskapen då han levde. Alt i alt var dette 4 400 dyreartar og 7 700 planteartar. Mange av dei hadde han studert sjølv, enten i live eller i konservert form. Resten hadde han fått skildra av kollegaer i mange land som han brevveksla med. I tillegg til å skildre artane, klassifiserte han dei og gav dei med det ein fast plass i det biologiske systemet. Klassifikasjonen hans er sjølvsagt svært ulik frå den i dag (som byggjer på evolusjonært slektskap). Men i fleire tilfelle brukar ein framleis dei gruppene Linné definerte.

Linné sitt syn på mennesket og menneskerasar[endre | endre wikiteksten]

Det vakte ein del oppsikt at Linné hadde plassert mennesket i den same ordenen som apar og den same klassen som pattedyr. Dette veik frå den kristne læra på den tida, at mennesket hadde ein unik plass i skapinga. Den lutherske erkebiskopen i Uppsala var mellom dei som skulda Linné for ugudelegheit. Men Linné forsvarte seg med at det fanst så godt som ingen anatomiske skilnader mellom menneske og ape, og at han trass alt hadde plassert mennesket i si eiga slekt, skilt frå apane (som han plasserte i slekta Simia).[2]

Linné hadde vidare delt mennesket (arten Homo sapiens) i seks underartar eller menneskerasar: Ferus, Americanus, Europeaus, Asiaticus, Afer og Monstrosus. Dei var baserte på hudfarge og skilnader som visstnok skulle vere emosjonelle. Innfødde amerikanarar hadde til dømes raudleg hud, var skjegglause og koleriske. Afrikanarar hadde mørk hud, var flegmatiske og late. Asiatar hadde gulbleik hud, var melankolske og griske. Europearar hadde kvit hud, var muskuløse og sangvinske. Linné sitt rasesystem var klart vridd til fordel for europearar og basert på det europeiske synet på andre folkegrupper på den tida. Over tid leia dette rasesystemet til eit rasehierarki der europearane stod øvst. Europeiske kolonimakter brukte dette systemet for å rettferdiggjere erobringane sine eller undertrykkinga av dei «lågareståande» rasane. Særskilt vart rasesystemet brukt for å forsvare slaveriet, spesielt i dei nye koloniane i Amerika.

Reisene til Linné[endre | endre wikiteksten]

Linné i samiske klede. 1735-1740

Carl von Linné gjorde mange reiser til ulike stader, og tok nøyaktige notat. På den andre sida går forskarane no ut i frå at han ikkje sjølv vitja alle dei stadene han skildrar, men at han har notert kva han høyrde ved samtalar med folk på staden. Nokre av dei kjende dagbøkene hans er desse:

Lappland, 1732[endre | endre wikiteksten]

Lapplandsreisa byrja 12. mai 1732 då Linné gav seg i veg einsam ridande mot Lappland for så å komme attende til Uppsala fem månader seinare.

Reiseskildringa, som kom ut først etter Linné sin død, er svært omfattande. I tillegg til observasjonane sine av lapplandsnaturen interesserte Linné seg også for den samiske kulturen og skildra livsvilkåra deira inngåande.

Det viktigaste resultatet av reisa til Lappland var likevel det som kom til å verte Flora Lapponica. Den lapplandske vegetasjonen var på denne tida relativt ukjend, det som Olof Rudbeck d.e. hadde samla inn under reisa si i Torne lappmark hadde vorte øydelagt den omfattande bybrannen som herja i Uppsala i 1702. Med Flora Lapponica, som vart publisert i 1737, fekk dei no på nytt kunnskap om desse ukjende stroka.[3]

Dalarna, 1734[endre | endre wikiteksten]

Linné kom for fyrste gong til Dalarna for å feire jul i Falun i 1733. På ein juefest trefte han den seinare hustrua si, Sara Elisabeth Moræa, som var dotter til gruvelækjaren. Han besøkte også gruvene i Bergslagen og jernverk. Fylkesmannen i Dalarna, Nils Reuterholm, hadde høyrt om og vorte imponert av Lapplandreisa hans, og føreslo ei liknande reise gjennom Dalarna.[4]

Öland og Gotland, 1741[endre | endre wikiteksten]

Reisa gjekk på hesteryggen, og Linné viste stor interesse for runesteinar. På reisa kom han til Vetlanda 23. juni og noterte seg to runesteinar på kyrkjegarden. Dagen etterpå var han komen til Växjö og gjorde nedteikningar om domkyrkja, som året før hadde vorte herja av brann og ved Linné sitt besøk var «ett bedrövligt spektakel». Han gjorde dessutan ei skildring av Sankt Sigfrid si klesdrakt. Kalmar nådde han 28. mai, der han vart utsett for storm, men brukte tida til å skildre kyrkja, som «var täck och ägde sköna skrudar».

1. juni gjekk han i land på Öland, overnatta 4. juni i prestegarden i Resmo for endeleg 6. juni å nå fram til Smeby. Kyrkja i Smeby var så spesiell at Linné aldri hadde sett maken. Han skriv at kyrkja med sine små vindauge var ganske mørk og lett kunne få tilhøyrarane til å falle i søvn. 7. juni var ein søndag, og då gjekk han til kyrkje i Ås. 9. juni noterte han seg runesteinar i Sandby og Gårdby. Dagen etter besøkte han staden Runsten, og der kunne han notere endå ein runestein. Denne vart sett på som noko av det som var verdt å sjå på staden. I Långlöt merka han seg heile to surbrunnar, det er kjelder med naturleg kolsyrehaldig mineralvatn, på kyrkjegarden. Slikt vatn vart rekna for helsebringande, og 10. juni noterte han i dagboka:

«Vattnet kan drickas av sjukligt folk uti åtskilliga passioner, allenast brunnen blev väl rensad, och man ej alltför kräsmagad fruktade för sådan mineral, som insmugit sig av lik och dödas kroppar.»

I Bredsätra den 11. juni kjem planteinteressa fram, og Linné skriv om audekapellet i Kläppinge at det på golvet voks scandix seminbus hispidis.[5] Persnäs besøkte han 12. juni, og 14. juni, som var fjerde søndagen etter Trinitatis, deltok han i gudstjenesta i Högby. Han noterte endå ein runestein på kyrkjegarden der. Etter tre veker på Öland segla så Linné til Gotland.[1]

Skåne, 1749[endre | endre wikiteksten]

Denne reisa starta med vogn i Uppsala, der Linné budde i mange år. Søndagen 7. mai hadde han kome til Växjö, der han skildra korleis erkebiskopen «høgvørdige herr doktor Henric Benzelius» vigsla herr doktor Olof Osander til biskop i Växjö stift. Pinsedag 14. mai høyrde han ei vakker preike i Virestad, og på andre dagen såg han sitt kjære Stenbrohult att, men skreiv med vemod i dagboka om korleis dei han hadde sett for 20 år sidan, no hadde aldrast: «De gingo nu med grå hår og vita skjegg, utlevde, og en ny värld hadde kommit i stället». 17. mai reiste Linné frå Stenbrohult med målet Loshult i Skåne, reiste rundt i landskapet og var tilbake i Stenbrohult 2. august. På tilbaketuren til Uppsala stoppa han i Ryssby i Sunnerbo, der hans svogeren hans, Johan Collin var kyrkoherde. Frå det besøket skreiv han detaljert om raudbrun hoggorm, den giftigaste ormen i Sverige. På ferda vidare nord passerte han Jönköping, der han besøkte slektningen sin, prosten C Tiliander. Via Gränna og Vadstena kom Linné til slutt tilbake til Uppsala, og dermed var den skånske reisa hans avslutta.[1]

Nederland[endre | endre wikiteksten]

I Nederland var Linné i tre og eit halvt år. Der gav han i 1735 ut Systema naturae, som ligg til grunn før systematikken for alt liv i notida, eit meir «naturleg» system, etter vekstane og dyra sine innbyrdes slektskap, dei tre rika i naturen gruppert i klassar, ordenar, familiar, slekter og artar, som i dag vert brukt over alt, i alle land.

Korrespondanse[endre | endre wikiteksten]

Namnetrekket til Carl von Linné

Carl von Linné brevveksla med eit stort tal lærde menn, både i og utanfor Sverige. Særskilt kjend er den livslange venskapen hans med Abraham Bäck i Stockholm, som han ofte kalla «Min Kiæreste Broder». Det er teke vare på over 500 brev frå Linné til Bäck. Han heldt også kontakt med fleire svenske lærde menn som er mindre kjende i dag, ofte folk med mange interesser, mellom anna botanikk. Desse har i visse samanhangar vorte kalla for Linné sine lærlingar, til dømes Gustaf Fredrick Hjortberg frå Vallda sør for Göteborg.

Heidring[endre | endre wikiteksten]

Adelsvåpenet til Linné, pryda med Linnaéa boreális

Filateli[endre | endre wikiteksten]

Til Kungliga Vetenskapsakademien sitt 200-årsjubileum gav Postverket i Sverige ut fire minnesfrimerke. Utjevingsdagen var 2. juni 1939. Carl von Linné vart heidra med 15 øre raudbrun (opplag 177 485 000) og 50 øre grå (opplag 2 471 000). Dei andre to merka i serien vart tileigna Jøns Jacob Berzelius.

Numismatikk[endre | endre wikiteksten]

Carl von Linné prydar framsida på hundrekronesetelen i Sverige i dag, der både fram- og baksidebiletet som syner arbeidet til Linné.[6] Han var også på baksida av den tidlegare svenske femtikronesetelen og har også vore avbilda på eldre svenske setlar.[7]

Det svenske medaljegildet gav i 1978 ut ein medalje i sølv og bronse — laga av skulptøren Olle Adrin — til 200-årsminnet for Linné sin død. På framsida ser ein Linné sin ansiktsprofil i relieff på ei overflate av årringar frå eit tre som er merkt med fødselsåret 1707, dødsåret 1778 og minneåret 1978.

UNESCO si verdsarvliste[endre | endre wikiteksten]

I samband med Linnéjubiléet 2007 er nokre linnéminne føreslått lagt til på verdsarvlista.[8]

Desse fem stadene er føreslått:

Viktige årstal i Linné sitt liv[endre | endre wikiteksten]

Linné sitt gravminne i Uppsala domkyrkje

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Tittelsida til den fyrste utgåva av Systema naturae

Linné gav ut veldig mange bøker. Enkelte av dei var avhandlingar på berre nokre få sider, andre var verk med fleire band, desse kunne vere på over tusen sider. Nedanfor er dei viktigaste av desse lista opp. Dei fleste bøkene var skrivne på vitskapsspråket på den tida, latin. Reiseskildringane sine gav Linné likevel ut på svensk, noko som var nokså uvanleg, men gjorde dei veldig populære. Sidan det ikkje fanst mykje trykt svensk litteratur, vert dei svenske bøkene hans sett på som ein viktig milepåle i den svenske litteraturhistoria.

  • Systema naturae («Systemet i naturen», 1735; fleire seinare utgåver)
  • Fundamenta botanica («Grunnlaget i botanikken», 1736; fleire seinare utgåver)
  • Critica botanica («Botaniske reglar», 1737)
  • Flora lapponica («Lapplandsfloraen», 1737)
  • Genera plantarum («Planteslektene», 1737; fleire seinare utgåver)
  • Classes plantarum («Planteklassane», 1738; fleire seinare utgåver)
  • Hortus Cliffortianus («Hagen til Clifford», 1738)
  • Observationes in regnum lapidum («Observasjonar i steinriket», 1739)
  • De febrium intermittentium causa («Om årsakene til vekselfeberen», 1745)
  • Flora suecica («Svensk flora», 1745; fleire seinare utgåver)
  • Öländska och Gothländska resa (1745)
  • Fauna suecica («Svensk fauna», 1746; fleire seinare utgåver)
  • Wästgöta-resa (1747)
  • Amoenitates academicae («Akademiske gleder», 1749; fleire seinare utgåver)
  • Materia medica («Legemiddel», 1749; fleire seinare utgåver)
  • Oeconomia Naturae (1749)
  • Philosophia botanica («Botanisk filosofi», 1751)
  • Skånska resa (1751)
  • Species plantarum («Planteartane», 1753; fleire seinare utgåver)
  • Elementa botanica («Prinsippa i botanikken», 1756)
  • Berättelse om the inhemska wäxter (1757)
  • Genera morborum («Sjukdomstypar», 1763)
  • Clavis medicinae («Medisinsk nøkkel», 1766)
  • Nomenclator botanicus («Den botaniske namngjevinga», 1772)
  • Systema vegetabilium («Plantesystemet», 1774)

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

  • Linné er den einaste botanikaren som vert referert til med berre ein bokstav; L (tidlegare har namnet vorte forkorta til «Linn»). I botanikken vert den vitskaplege autoriteten lista etter det latinske namnet. Til dømes er Cocos nucifera L det fullstendige namnet på kokospalmen, der L refererer til Carl von Linné.
  • På den tida Linné vart fødd brukte Sverige ei tidsrekning som låg mellom den gregorianske kalenderen og den julianske kalenderen. I 1707 låg difor fødselsdagen hans på 14. mai. I dag er det vanleg å oppgje dagen etter den tidsrekninga vi brukar no, altså vert det 23. mai.
  • Linné var berre 154 cm høg.
  • Planten linnea (Linnaéa boreális) skal ha vore yndlingsblomen til Linné og er oppkalla etter han.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl von Linné

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Stafleu, F.A. (1976-1998) Taksonomic Literature andre utgåva. Eit autorativt verk over botanikarar, og deira arbeid og publiserte data.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Växjö Stifts Hembygdskalender 1964. (B Andersson, O Thulin, A Nyström: Årgång 55.)
  2. Brev til Johann Georg Gmelin datert 25.2.1747
  3. Carl von Linné - Naturhistoriska riksmuseet
  4. «Linnés Dalaresan översätts till engelska» ved Høgskolan i Dalarna
  5. Kjørvel med børstehåra frø
  6. «Linné - på hundralappen» ved Uppsala universitet
  7. «Linnékuriosa» ved Uppsala universitet
  8. Linné til Världsarvlistan, Länsstyrelsen i Uppsala
  9. Ætta døydde ut med Carl von Linné sin soneson, og ingen ny von Linné er fødd etter 1700-talet.

God artikkel