Brecqhou

Koordinatar: 49°26′N 2°23′W / 49.433°N 2.383°W / 49.433; -2.383
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av Brecqhou.

Brecqhou (eller Brechou) er ei av Kanaløyane og ein del av fogdesoknet Guernsey. Ho ligg like vest for Sark og har eit areal på kring 0,8 km².

Namn[endre | endre wikiteksten]

Brecqhou sett frå nordsida av Sark

Endinga -hou er funne i namnet på fleire øyar utanfor Normandie og kjem frå det norrøne namnet på holme. Brekka tyder ei klippe.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over fogdesoknet Guernsey. Brecqhou er like vest for Sark.

Det går eit særs smalt sund mellom Brecqhou og Sark (Le Goulliot Passage), som i følgje segna berre har vorte kryssa ein gong med båt ved flo sjø. I røynda vert passasjen kryssa med småbåtar og fiskebåtar heile året.

Sidan 1993 har Brecqhou høyrd til brørne David og Frederick Barclay, eigarane av avisa The Daily Telegraph.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

49°26′N 2°23′W / 49.433°N 2.383°W / 49.433; -2.383