Breivik på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Breivik
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 68

Breivik er ein gard i Fitjar kommune, like nordom Fitjar sentrum. Garden grensar til Fitjarfjella i aust, sjølve Fitjar i sør, Fitjarvikjo i vest og Årskog i nord.

Garden er ikkje gammal og var opphavleg ein husmannsplass under Fitjar. Første gong han er nemnd som sjølvstendig gard var i 1723.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Garden har fått namn etter vika som garden ligg ved. Namnet har vorte skrive Breuig i 1657, Bellvigen i 1701, Brevig i 1723, Breivigen i 1756, Bredvigen i 1801, Breviig i 1802, Bredvig i 1816, Bredvik i 1838, Breivik i 1890 som òg er skriveforma i dag. Daglegnamnet er Breivikjo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gravrøysa Rossneset ligg i Breivik. Ho er ti meter i diameter og ein meter høg. Her er funne leirkrukker med brende bein, samt to steinøkser. Det er truleg ikkje folk som har budd i Breivik som ligg gravlagd her.

Breivik hadde same eigarar som Vodl fram til 1755 då eigaren av Fitjargarden, Ole Michelsen Tosche, selde Breivik til brukaren, Gjert Wichmann. Brukarane har seinare vore sjølveigarar.

Den første brukaren ein kjenner til i Breivik var Lars, nemnd i 1657.

Fitjar Betongindustri heldt lenge til i Breivik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 2. Fitjar. s. 383-384.