Breivikfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°35′40″N 22°13′00″E

Breivikfjorden
fjord
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Hasvik

Breivikfjorden
70°35′40″ N 22°13′0″ E

Breivikfjorden er ein fjord på vestsida av Sørøya i Hasvik kommune i Troms og Finnmark. Fjorden er 8 km lang og opptil 4 km brei.

Fjorden har innløp mellom Ramneset i vest og Reinneset i aust og strekkjer seg nordaustover til Høyvik i enden av fjorden. På austsida av fjorden ligg tettstaden Breivikbotn. Lengst vest på nordsida av fjorden ligg bygda Breivik. Det er elles lite busetnad langs fjorden. Fylkesveg 102 går langs nordsida av fjorden.