Brekkestranda Fjordhotel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brekkestranda Fjordhotel
Brekkestranda Fjordhotel, med Sognefjorden i bakgrunnen

Brekkestranda Fjordhotel er eit hotell i Gulen kommune, ytst i Sognefjorden. Det opna i 1970 av Ingeborg I. Brekke, og heitte opphavleg Brekkestranda Fjordpensjonat. I 1975 kom sonen Bjørn Simonnæs med i drifta og vart eigar frå 1996. I 2008 kjøpte Morten Nilsen hotellet.

Hotellet har ein særprega arkitektur, mest utan eit einaste hjørne i rett vinkel, og vakte derfor oppsikt. Arkitekten bak bygningane er Bjørn Simonnæs. Dei har torvtak, kledningen er av grove hunbord, og søylene er av avbarka rundtømmer.

Hotellet er utvida ved fleire høve. Det har i dag 30 rom, med vegger av norsk furu. Det har ein tredelt restaurant, og har eiga båthamn og ei nihols golfbane. I 2008 vart det planlagd å byggje 80 feriebustader attmed.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Brekkestranda Fjordhotel