Bremerhaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bremerhaven
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bremerhaven
Bremerhaven is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bremen
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1827
Geografi
Flatevidd
 - By

78,86 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

116 237
  1 474/km²
Koordinatar 53°33′0″N 8°35′0″EKoordinatar: 53°33′0″N 8°35′0″E
Høgd over havet 2 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 27501-27580
Telefon-retningsnummer 0471
Bilnummer HB
Heimeside: www.bremerhaven.de

Bremerhaven er ein hamneby i Tyskland i delstaten Bremen med om lag 115 000 innbyggjarar. Han dannar ein enklave i delstaten Niedersachsen ved den austlege breidda til elvemunningen til Weser, på motsett side av byen Nordenham. Sjølv om byen er relativt ung har han ei lang historie som handelsnamn, og er i dag ei av dei største hamnene i Tyskland der han spelar ei viktig rolle i tysk handel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggjaren av byen, Johann Smidt

Byen vart grunnlagd i 1827, men det var busetnadar i nærleiken alt på 1100-talet. Desse små landsbyane vart bygd på små øyar i den myraktige elvemunningen. Det var tidleg planar om ein festningsby på denne staden for å verne skip som reiste opp eller ned Weser, og i 1672 prøvde svenske kolonistar å reise eit slott her (Carlsburg).

I 1827 kjøpte byen Bremen områda ved munningen til Wester frå kongedømet Hannover. Bremerhaven oppstod og vart ei ny hamn berre 50 km frå Bremen. På grunn av handel med og emigrering til Nord-Amerika voks hamna og byen raskt.

Kongedømet Hannover grunnla ein rivaliserande by like ved sida av Bremerhaven og kalla han Geestemünde (1845). Begge byane voks og oppretta industriar innan handel, skipsbygging og fiske. I 1927 vart Geestemünde og nabokommunane Lehe og Wulsdorf slått saman til den nye byen Wesermünde og i 1939 vart Bremerhaven slått saman med Wesermünde igjen.

Det meste av byen vart øydelagd under den andre verdskrigen, men viktige delar av hamna vart spart slik at dei allierte hadde ei brukande hamn for forsyningar etter krigen. Under dei allierte sin okkupasjon av Tyskland etter krigen var Bremerhaven ein enklave styrt av USA i den britiske okkupasjonssonen i Nord-Tyskland. I 1947 vart byen ein del av delstaten Bremen, og skita namn frå Wesermünde til Bremerhaven. I dag er Bremenhaven derfor ein del av staten Bremen, men ein by på eigahand. I tillegg er han faktisk direkte ein del av byen Bremen, som ligg 50 km lenger opp i elva Weser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]