Brennelvfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brennelvfjorden (samisk Lavttevuotna, finsk Lohtivuono) er ein fjordarm av Vesterbotn og Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km sørover til Lakselv i botn av fjorden.

Fjorden ligg på vestsida av Oldereidneset og har innløp mellom Langneset i nord og Banakneset i sør, like ved Banak flyplass. Grenda Skogende ligg på austsida av fjorden. Inst i fjorden ligg grenda Brennelv, som fjorden er kalla opp etter, i aust, medan tettstaden Lakselv ligg i vest. Fjorden er 24 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden, og har langgrunne strandsoner.

Riksveg 98 går langs den indre delen av fjorden, medan Riksveg 892 går langs vestsida og Fv181 går langs austsida.

Koordinatar: 70°4′4.5336″N 25°0′44.770″E