Hopp til innhald

Porsanger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Porsanger)
For fjorden kommunen har fått namn etter, sjå Porsangerfjorden.
Porsanger kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Lakselv
Areal 4 873 km²
   land 4 664 km²
   vatn 209 km²
Folketal 3 896  (1. januar 2025)
Målform bokmål
Norsk målform bokmål
Samisk språk nordsamisk
Andre språk kvensk
Ordførar Jo Inge Hesjevik (H)
Kommunenr. 5622
Kart
Porsanger kommune
70°03′08″N 24°57′21″E / 70.05214°N 24.95594°E / 70.05214; 24.95594
Kart som viser Porsanger kommune.
Kart som viser Porsanger kommune.
Kart som viser Porsanger kommune.
Wikimedia Commons: Porsanger
Nettstad: www.porsanger.kommune.no

Porsanger (nordsamisk Porsáŋggu gielda, kvensk Porsangin kommuuni) er ein kommune i Finnmark fylke. Kommunen er den tredje største i Noreg. Han grensar i nordvest mot Hammerfest og Måsøy, nord mot Nordkapp, i aust mot Lebesby, i sør mot Karasjok, og i vest mot Alta. Han heitte Kistrand kommune fram til 1964, og var del av Finnmark fylke fram til 2020.

Porsanger er den einaste offisielt trespråklege og trekulturelle kommunen i Noreg, med nordsamisk, kvensk og norsk som offisielle språk.

Største tettstad og kommunesenter er Lakselv, som ligg inst i Porsangerfjorden. Mindre bygder ligg langs fjorden på båe sider, med Kistrand, Olderfjord, Børselv og Billefjord som dei viktigaste. I innlandet, langs E6 mot nabokommunen Karasjok finn ein Porsangmoen, med Garnisonen i Porsanger, og Skoganvarre. Stabbursdalen nasjonalpark ligg vest for Porsangerfjorden.

Lokalaviser i kommunen er Finnmark Dagblad og Ságat.

Plante- og dyreliv: Valdak [eller Váldatjeaggi ] på Stabbursnes er eit kjent hekkeområde.[1]

Tettstad i kommunen

[endre | endre wikiteksten]
  • Lakselv - 2 250 innbyggjarar per 1. januar 2024

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Kistrand/Porsanger kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
2160 2553 2972 3298 3600 3907 4568 4514 4358 3991

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]
  1. Vellykket Fuglenes dag på Stabbursnes, Porsanger. Norsk Ornitologisk Forening. Vitja 9. juli 2020
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 1 2 3 4 5 6 7 Folkemengd i Porsanger (Kistrand) 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Porsanger kommune