Brennerpasset
Utsjånad
| Brenner / Passo del Brennero | |||
|---|---|---|---|
Skilt på passhøgda | |||
| Nord | Sør | ||
| Passhøgd | 1 370 m o. A. | ||
| Region | Bezirk Innsbruck Land, Austerrike | Provins Sør-Tirol, Italia | |
| Vasskilje | Sill | Eisack | |
| Stader | Steinach am Brenner | Sterzing | |
| Samband | Brenner Autobahn; Brennerstraße (den «gamle» passvegen); Brennerbahn | Autostrada del Brennero; Strada Statale 12 dell’Abetone e del Brennero (den «gamle» passvegen); Brennerbahn; sykkelveg | |
| Bygd | 1963 | ||
| Fjellområde | Stubaieralpane-Zillertal-Alpane | ||
| Kart | |||
|
| |||
| Koordinatar | 47° 0′ 12″ N, 11° 30′ 27″ AKoordinatar: 47° 0′ 12″ N, 11° 30′ 27″ A | ||
Brennerpasset (eller berre Brenner, italiensk Passo del Brennero) er eit grensepass i Aust-Alpane mellom det austerrikske forbundslandet Tirol og den italienske autonome provinsen Sør-Tirol.
Med ei høgd på 1370 meter over havet er Brennerpasset den lågaste fjellovergangen på Alpehovudkammen i Aust-Alpane sine høgfjell, og er med St. Gotthard, Simplon og Mont Cenis ein av dei fire viktigaste rutene over Alpane, og for vegtrafikken den mest brukte av dei. I motsetnad til for dei sveitsiske passa ligg ikkje hovudvekta på jernbanen, men på vegtrafikk.


