Tirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tirol
Geografisk plassering

Forbundsland i Austerrike

Hovudstad Innsbruck
Flatevidd

 - Rangering i Austerrike

12 648 km²

3.

Folketal (2005)

 - Rangering i Austerrike
 - Folketettleik

697 435

5.
53/km²

Grunnlagd
Offisielle språk Tysk
Landeshauptmann Herwig van Staa (ÖVP)
Nettstad www.tirol.gv.at
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Tirol er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Innsbruck, arealet er 12 648 km² og folketalet 697 435 (2005). Tirol ligg vest i Austerrike, i austlege delen av alpane, og grensar til Tyskland i nord og Italia og Sveits i sør.

Før den første verdskrigen var Tirol eit grevskap under det austerrikske keisarriket. Ved oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 overtok Italia den sørlege delen av grevskapet, som i dag utgjer den italienske autonome provinsen Sør-Tyrol.

Hovudnæringane i Tirol er skogbruk og husdyrbruk. Regionen er òg eit populært turistområde.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tirol er prega av eit alpint landskap. Det høgste fjellet i Austerrike, Großglockner på 3798 moh. ligg i Tirol, nærare fastsett i fjellmassivet Hohe Tauern i Aust-Tirol ved grensa til Kärnten.

Den største dalen i Nord-Tirol er Inndalen, som strekkjer seg frå vest til aust. Nord for Inn ligg dei nordlege kalk-alpane med fjellgrupper som Lechtalalpane, Wetterstein, og Karwendel, og med få og veldig små sidedalar. Sør for Inn ligg Sentral-Alpane med mellom anna Ötztalalpene, Stubaialpane og Zillertalalpane. Her ligg også dei største sidedalane, som strekkjer seg inn til hovudkammen i Alpane, Kauner-, Pitz-, Ötz-, Wipp- og Zillertal.

Hovudstaden Innsbruck ligg sentralt i Inndalen og delar Nord-Tirol i Tiroler Oberland (vest for Innsbruck) og Tiroler Unterland (aust for Innsbruck). Heilt i vest, ved overgangen til Vorarlberg, ligg fjellgruppene Verwall og Silvretta. Heilt i aust, ved overgangen til Salzburg, ligg Kaiserfjellet og Kitzbühelalpane. Aust-Tirol er elles gjennomtrekt av Isel- og Draudalane og ein del av dei karniske alpane ligg også der.

Innsbruck
Kappl i dalen Paznaun

Forvaltning[endre | endre wikiteksten]

Forbundslandet Tirol er delt inn i ni ulike distrikt (Bezirke):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.