Bresso
Bresso | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Bresso | |||
Wikimedia Commons: Bresso | |||
Bresso er ein by/forstad og ein kommune i provinsen Milano i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen har i kring 26 000 ibuarar og dekker tre km², noko som gjer at kommunen med ein folketettleik på over 8 000 menneske per km² er den tettast befolka kommunen i heile Nord-Italia, og ein av dei tettast befolka i heile landet.
Bresso ligg inntil provinshovudstaden Milano, i kring åtte kilometer nord for sentrum av storbyen. I kommunen er ein flyplass open for all flytrafikk som ikkje får lande på dei to store flyplassane i Milano-provinsen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bresso» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2013.