Brettspelet Monopol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit tysk Monopol-spel.
Foto: Horst Frank

Monopol er det bestseljande brettspelet i verda. Spelet går ut på å gå rundt eit brett og kjøpa eigedomar, samstundes som ein står i fare for å mista pengane sine til andre.

Målet i spelet er å bli den rikaste spelaren ved å få størst mogleg monopol på eigedomar, og å tvinge dei andre spelarane til å gå konkurs ved kjøp, sal og leige av tomter med hus og hotell.

Spelet er laga i ei rekkje versjonar. Den klassiske forma har eigedomar frå den verkelege verda, og desse er tilpassa til ulike land. I Noreg vert spelet selt med gater i Oslo, i Storbritannia med gater i London osb. Enkelte nyare versjonar, som Star Wars-utgåva, bruker fiktive stader.