Brian Boru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brian Boru
Brian Boru, King of Munster.jpg
Konge av Munster
Overkonge av Irland
Regjeringstid978/1002–1014
Føddkring 941
FødestadKillaloe
Død1014
Clontarf
FøregjengarMathgamain mac Cennétig/ Máel Sechnaill mac Domnaill
EtterfølgjarDúngal mac Donnchada/Máel Sechnaill (gjeninnsett)
EktefelleMór, Gormflaith, Echrad, Dubhchoblaig
BornSøner: Murchad, Conchobar, Flann, Donnchad, Tadc, Domnall
Døtrer:Sadb, Sláine, Bé Binn

Brian Bóruma mac Cennétig (kring 94123. april 1014), kjend som Brian Boru, var konge av Munster frå 976 og storkonge av Irland frå 1002 til han døydde i 1014.

Brian Boru var son av Cennétig mac Lorcáin, konge av Thomond, og Bé Binn ingen Aurchada, prinsesse av vestre Connacht. Brian Boru samla dei irske småkongedøma til eitt rike, og prøvde byggja ein sterk irsk nasjonalstat. Han kjempa mot vikingane si makt på Irland, og arbeidde for å gjenoppbygga klostra og biblioteka dei hadde øydelagd i herjingane sine.

Han blei drepen på langfredag i 1014 under slaget ved Clontarf, der hæren han leia likevel vann. Etter at Brian Boru døydde braut det ut strid om den irske krona.[1]

Brian Boru gav klanen O'Brian viktig politisk makt. Namnet «O'Brien» er seinare blitt svært utbreidd blant irar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Julsrud, Ottar. (24. april 2013). Irlands Historie Fra 600, Store norske leksikon. Henta 20. januar 2014.
  2. Bratberg, Terje. «O'brien» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 20. januar 2014.