Brian Deane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brian Deane (fødd 7. februar 1968 i Leeds i England) er ein tidlegare fotballspelar frå England som er hovudtrenar for Sarpsborg 08 Fotballforening frå sesongen 2013.[1]

Deane starta karrieren sin i Doncaster før han vart kjøpt av Sheffield United i 1988, og scora tosifra mengder mål i alle sine fem sesongar på Bramall Lane. Samarbeidet hans med Tony Agana var spesielt fruktbart, etter ein klassisk engelsk formular for spissradarpar (ein stor hovudsterk spelar + ein mindre, kjapp). Deane fekk blant anna æra av å score det aller første målet i den nystarta engelske ligaen Premier League i august 1992. Han spelte òg tre landskampar for England i den første perioden sin i Sheffield United.

I 1993 vart Deane selt til Leeds. Etter fire sesongar i klubben, returnerte han til Sheffield United sommaren 1997, der han spelte ein halv sesong før han drog til Benfica. Hausten 1998 returnerte Deane til England, og signerte denne gongen for Middlesbrough. Han har òg spelt for Leicester, West Ham, Sunderland og eit nytt opphald i Leeds.

Sommaren 2005 signerte Deane for Perth Glory, og det var venta at han skulle trappe ned karrieren i den australske klubben, men før jula 2005 returnerte han nok ein gong «heim» til Sheffield United. Likevel vart det heller få framferder for Deane i oppryksseseongen til Blades; ein skade i ein reservelagskamp sette han utanfor spel medan han prøvde å finne kampforma etter det lite vellykka opphaldet i Australia, og i tillegg handla manager Warnock inn ei rekkje andre spissar (Bruce Dyer og Ade Akinbiyi, og dessutan Geoff Horsfield på lån frå WBA) som konkurrerte direkte med Brian Deane. Blades rykte likevel opp og Deane fekk altså vere med på denne bragda 16 år etter sist gong, om enn i ein mindre viktig rolle enn då.

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubb Kampar Mål Periode
Flagget til England Doncaster Rovers FC 76 13 1985–1988
Flagget til England Sheffield United FC 239 106 1988–1993
Flagget til England Leeds United FC 168 38 1993–1997
Flagget til England Sheffield United FC 28 13 1997–1998
Flagget til Portugal Benfica 18 7 1998–1998
Flagget til England Middlesbrough FC 95 19 1998–2001
Flagget til England Leicester City FC 49 19 2001–2003
Flagget til England West Ham United 32 7 2003–2004
Flagget til England Leeds United FC 33 7 2004–2005
Flagget til England Sunderland AFC 4 0 2005–2005
Flagget til Australia Perth Glory FC 7 1 2005–2005
Flagget til England Sheffield United FC 2 0 2005–2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deane er klar for 08 (2012-11-21).
Sarpsborg 08 – spelarstallen 2013
Målmenn
Flagget til Island 1 Haraldur Björnsson
Flagget til Jamaica 27 Duwayne Oriel Kerr
Noreg 31 Christian Kroglund Sukke
Forsvarsspelarar
Flagget til Spania 3 Álvaro Baigorri Del Rio
Noreg 4 Kjetil Berge
Noreg 6 Christian Brink
Noreg 9 Berat Jusufi
Noreg 13 Ole Christoffer Heieren Hansen
Noreg 26 Martin Thømt Jensen
Flagget til Frankrike 69 Jérémy Berthod
Midtbanespelarar
Flagget til Island 5 Thórarinn Ingi Valdimarsson
Flagget til Island 8 Gudmundur Thórarinsson
Noreg 10 Michael Røn
Noreg 12 Olav Øby
Noreg 19 Mathias Engebretsen
Noreg 21 Tobias Henanger
Danmark 22 Claes Jørgensen
Noreg 23 Tom Erik Breive
Angrepsspelarar
Noreg 7 Martin Wiig
Noreg 11 Øyvind Hoås
Noreg 20 Magnus Sylling Olsen
Noreg 24 Mohamed Elyounoussi
Trenar
Det britiske flagget Brian Deane