Leeds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Leeds

The Headrow, sentrum av Leeds på kveldstid
The Headrow, sentrum av Leeds på kveldstid
Kallenamn
«Knightsbridge of the North»
Motto
«Pro rege et lege - For king and the law»
(For konge og rett)
Plassering
Leeds is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Sameint styresmakt
Seremonielt grevskap West Yorkshire
Bystatus 1207
Borgarmeister Cllr James McKenna
Geografi
Flatevidd
 - By

551,72 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

460 459
  834,6 /km²
770 800
Koordinatar 53°47′59″N 1°32′57″WKoordinatar: 53°47′59″N 1°32′57″W
Høgd over havet 10 - 340 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer LS
Telefon-retningsnummer 0113
Nettstad: www.leeds.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leeds

Leeds er ein by i Storbritannia i West Yorkshire i den nordlege delen av England. Byen har omkring 430 000 innbyggjarar medan storbyområdet (City of Leeds) har omkring 770 000 innbyggjarar. Leeds er kjernen i den sameinte styresmakta City of Leeds, som òg inkluderer forstadene Craven, Harrogate, Bradford, Selby, Calderdale, Kirklees, Wakefield og Barnsley. Elva Aire renn gjennom byen.

Byen voks kraftig frå 1600-talet og framover og overtok etterkvart posisjonen i York som den dominerande byen i regionen. Dette var hovudsakleg på grunn av den veksande ullindustrien. I dag arbeider dei fleste i Leeds i service- og finanssektoren som er ein av dei største i landet. Dei offisielle slagorda til byen er The UK's Favourite City.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Leeds fanst det under romartida eit fort, Cambodunum. Då Romarriket fall vart byen ein av del av det britiske kongeriket Elmet. Seinare høyrde til han òg Deira og Northumbria. Den første gongen som Leeds med tryggleik er nemnd er i Domesday Book. Byen unngjekk herjingane til Vilhelm I av England, men fleire av dei omkringliggande byane vart lagt i ruinar.

I mellomalderen var Leeds ein marknadsby for jordbruksprodukt og fekk bystatus i 1207. Byen vart delvis industrialisert på 1300-talet da flamske innvandrarar starta ullforedling. Industriveksten i byen auka ytterlegare med kanalsamband til Liverpool i 1816 og jarnbanen i 1848.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Styrande parti i bystyret
1842-1895 Dei Liberale
1895-1904 Dei Konservative
1904-1907 Liberalar
Ingen parti har majoriteten, men i praksis styrte dei konservative
1928-1930 Labour
1930-1933 Dei konservative
1933-1935 Labour
1935-1945 Dei konservative
1945-1951 Labour
1951-1953 Dei konservative
1953-1967 Labour
1967-1972 Dei konservative
1972-1976 Labour
1976-1980 Dei konservative
1980-2004 Labour
2004- Koalisjon av liberaldemokratar, konservative og dei grøne

1800-talet var Leeds eit sterkt liberalt feste, men som i det øvrige Storbritannia byrja Labour å erstatte dei liberale som hovudkonkurrenten til dei konservative på byrjinga av 1900-talet. Dei politiske skiljelinjene mellom partia har ofte vore mindre i Leeds enn på riksplanet.

Bystyret består av 99 mandat. Byen er inndelt i 33 valkretsar der dei tre kandidatane som får flest stemmar får mandatet. Sidan lokalvalet i 2004 styrer ein allianse av liberaldemokratane, dei konservative og dei grøne.

Det konservative partiet står sterkast i den nordlege delen av Leeds, med unntak av Moortown. Moortown var ved det siste valet, liksom dei studenttette områda nærare sentrum og dessutan Rothwell i det sørlege Leeds, det sterkaste festet til liberaldemokratane. Morley Borough Independents tok, logisk nok, alle av mandata sine i Morley, der dei vart dei einaste som tok mandat. Dei grøne tok alle av mandata sine i valkretsen Farnley and Wortley der dei tok alle mandat. I dei øvrige delane av byen vann Labour.

Med unntak av ein periode under Den engelske borgarkrigen vart ikkje Leeds representert i parlamentet før parlamentsreformen 1832. For val til det britiske parlamentet er byen delt opp i åtte valkretser: Leeds West, Leeds Central, Leeds North West, Leeds North East, Leeds East, Elmet, Morley and Rothwell og Pudsey.

Sju av åtte parlamentsrepresentantar frå byen høyrer til Labour: John Battle (Leeds West), Hilary Benn (Leeds Central), Fabian Hamilton (Leeds North East), George Mudie (Leeds East), Colin Burgon (Elmet), Colin Challen (Morley and Rothwell) og Paul Truswell (Pudsey). Den einaste representanten for eit anna parti er Greg Mulholland (Leeds North West), som representerer liberaldemokratane. I mange år var alle parlamentsrepresentanter frå Labour. Historisk sett har alle valkretser med unntak av North East og North West vore labourdominert, medan i dei seinare åra har vanlegvis det konservative partiet teke desse.

Rådhuset, bygt 1858
Samansetnaden til bystyret
Parti Mandat
Labour 40
Liberaldemokratane 26
Dei konservative 24
Morley Borough Independents 6
Dei grøne 3

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Holborn Tower er eit av høghusa som finst spreitt utover byen og som skil seg frå den elles ganske låge busetnaden.

Bykjernen blir prega av moderne busetnad og omfattande nybygging. Byen er kjent for sine mange kjøpesenter, dei fleste rett austom jernbanestasjonen. Kjøpesentra vart bygd på slutten av 1800-tal og har seinare vorte til nye store shoppingkompleks.

I aust-vestleg retning gjennom sentrum går gata Headrow og i nord-sørleg Briggate. Desse kan seiast å utgjere hovudgatene i byen. Både Headrow og Briggate har lege der frå gamalt av. Briggates vart anlagt på 1200-talet, medan Headrow vart anlagt på 1500-talet.

Bytorget ligg i sentrum, like ved jernbanestasjonen, og vart anlagt på byrjinga av 1900-talet. I den nordlege delen av sentrum ligg rådhuset, teikna av Cuthbert Brodrick og innvigd i 1858 av dronning Victoria, og dessutan folkets hus, teikna av Vincent Harris og innvigd i 1933. Ein del av Leeds Metropolitan University ligg òg her. Rett nord for sentrum ligg University of Leeds, og rett nord for dette igjen ligg Hyde Park, ein park som når vêret tillèt det, ofte er full av studentar. Rett sør for sentrum, i Beeston ligg Elland Road, heimebanen til Leeds United.

I alle retningar ut frå sentrum breier bustadområda seg ut. Vanlegvis er desse bygd opp av rekkehus i typisk engelsk stil, medan det i dei ytre delane av byen endå finst ein mykje villabusetnad. Fleire større høghus finst òg spreitt rundt om i byen. Dei fleste av bydelane har sitt eige shoppingstrøk og det finst fleire større shoppingkompleks, slik som f.eks i Seacroft.

I den nordaustlege delen av Leeds ligg Roundhay Park, ein stor park innkjøpt av byen på slutten av 1800-talet.

Vest og sør finst det fleire byar som er meir eller mindre samanvoksen med Leeds; blant anna Yeadon, Morley og Rothwell.

Det finst tre større sjukehus i byen, Leeds General Infirmary, St James's University Hospital og Seacroft Hospital.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Hyde Park, ein relativt sentralt bydel i Leeds

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Byen er relativt typisk for Storbritannia i både etnisk og religiøs samanheng. Dei største minioritetsgruppene er pakistanarar (2,1 %), indarar (1,7 %), øvrige kvite (1,5 %) og irlendarar (1,2 %).

I samband med den industrielle revolusjonen skjedde det ein stor innflytting til byen. På 1800-talet flytta blant anna irlendarar og jødar til byen, sidan dei sistnemnde flykta frå pogromar i Aust-Europa.

Av folkesetnaden er 25,5 % under 20 år, 30,5 % mellom 20 og 39 år, 24,1 % mellom 40 og 59 år, 8,9 % mellom 60 og 79 år og 11,0 % over 80 år. Folkesetnadsfordelinga i alderssamanheng er typisk for Storbritannia, med unntak av at delen på rundt 20 år og noko eldre er større på grunn av dei mange studentane. Forventa levealder i Leeds er 80,7 år for kvinner og 75,5 år for menn.

Frå byen skjer det ein nettoutflytting til dei omliggande byane, til ein del kystbyar og dessutan til London. Utflyttninga til omliggande byar skjer primært fordi høva til å pendle har vorte kraftig forbetra, medan utflyttinga til kysten hovudsakleg skuldast pensjonistar som flyttar ut. Utflyttinga til London blir skuldast nok dei mange med høgtløna jobbar som finst der og som ikkje finst i Leeds. Frå øvrige delar av landet skjer ei nettoinnflytting, hovudsakleg fordi byen har vore i stor økonomisk vekst.

Dei nordlege delane av byen dominerast av rike personar og ein del eldre menneske. Dei vestlege og sørvestlege delane blir dominert av den kvite arbeidarklassen. I områda rett vest for sentrum utgjer studentane den største delen. Områda rett nord for sentrum har den største ikkje-britiske folkesetnaden.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Med tanke på religiøs tilhøyrsle er fordelinga slik: 68,8 % kristen, 16,8 % ikkje-religiøse, 3,0 % muslimar, 1,2 % jødar og 1,1 % sikhar. I byen finst det, omfram mange kyrkjer, fire synagoger, fire moskéar og tre sikhtempel.

Sidan 1878 har Leeds hatt eit katolsk bispesete.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Føretak med over 1000 tilsette i Leeds (2004)
Leeds rådhus British Library
NHS Centrica
BT GE Capital
BUPA Leeds City Link
Direct Line Group Moores Furniture Group
First Direct PricewaterhouseCoopers
Halifax Reality Group
Leeds Metropolitan University Ventura
University of Leeds Yorkshire Bank
Royal Mail Yorkshire Post Newspapers
ASDA Yorkshire Power
Føretak med feit skrift har over 2000 tilsette

Leeds hadde i 1998 ein BNP på 9,7 milliardar pund (tilsvarande drygt 100 milliardar kroner). Byen er kjent for det varierande næringslivet sitt. Det finst drygt 17 000 momsregistrerte føretak i byen. I Leeds finst den nest største produksjonsindustrien utanfor London, det same gjer den største pressebransjen og den tredje største finanssektoren. Nærare 100 000 personar arbeider innan offentleg sektor. Fordelinga mellom dei ulike sektorane skil seg ikkje i noka større grad frå det britiske gjennomsnittet.

Kommunen har ein omsetnad på rundt ein milliard pund og har ca 35 000 tilsette.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Leeds har verken tunnelbane eller trikk, noko som er uvanleg for ein by på denne storleiken. Det finst endå planar om å gjeninnføre trikkedrifta. Det planlagde trikkenettet kjem til å innehalde tre linjer, Sør, Nord og Aust og strekkje seg ut til utkantane av byen. Bussnettet i Leeds er omfattande med over hundre ulike linjer. Heilt nordvest i byen ligg Leeds Bradford International Airport, som òg tener Bradford. Sentralstasjonen har ei sentral plassering. Utover denne finst det omkring ti mindre stasjonar i byen. Motorvegane M1 og M62 knyt Leeds til Sheffield og London og til Liverpool, Manchester og Hull. Talet på personar som pendlar til byen er på ca 80 000.

Leeds har retningsnummer 0113 og postadresser i Leeds byrjar med LS.

Media[endre | endre wikiteksten]

I Leeds finst lokalavisene Yorkshire Evening Post og Yorkshire Post som begge er eigd av Johnston Press. Både BBC og ITV/Yorkshire Television har TV-studio i byen. Det finst òg fleire radiostasjonar i byen: BBC Radio Leeds, Radio Aire, Magic 828, Galaxy 105 og Real Radio.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Leeds Metropolitan University

Leeds har to universitet, University of Leeds med 28 000 studentar og Leeds Metropolitan University med 26 000 studentar; totalt bur ca 70 000 studentar i byen. Leeds Metropolitan University har først og fremst Yorkshire og Lancashire som sine opptaksområde, medan University of Leeds i større grad har studentar frå heile landet. Utover desse har Open University sitt regionkontor i byen. Open University er eit statleg universitet basert på fjernundervisning.

Det finst ni college i byen: Leeds College of Art & Designar, Leeds College of Building, Leeds College of Music, Joseph Priestley College, Northern School of Contemporary Dance, Notre Dame Sixth Form College, Park Lane College, The Leeds College of Technology og Thomas Danby College. Leeds College of Technology har 5 000 studentar og har i all hovudsak yrkesrelaterte studium.

På tilsvarande gymnasnivå finnast blant anna Leeds Grammar School, oppretta 6. mars 1547. Det finst (2003) totalt 294 offentlege skular i Leeds. Utdanningsgraden til folkesetnaden ligg på nivå med gjennomsnittet for landet.

Geologi, klima og miljø[endre | endre wikiteksten]

Månad Temperatur Nedbør
Min.(°C) Max.(°C) (mm)
januar 0,3 5,8 61
februar 0,2 5,9 45
mars 1,6 8,7 52
april 3,1 11,3 48
mai 5,5 15,0 54
juni 8,5 18,2 54
juli 10,4 19,9 51
august 10,5 19,9 65
september 8,7 17,3 57
oktober 6,3 13,4 55
november 2,9 8,8 57
desember 1,2 6,7 61

Leeds har, slik som resten Storbritannia, eit meir utprega kystklima enn Sverige og Finland. Vintertid er det noko varmare enn i Sør-Noreg og langt varmare enn i Nord-Noreg. Om sommaren er det stort sett like varmt eller noko mildare enn største delen av Noreg.

Brorparten av Leeds ligg på kolager frå karbontida då det voks regnskog på plassen. Rett nord for byen består berggrunnen av sandstein og skifer og austom byen er kalkstein dominerande.

Mengda dagar med mellomstore eller høge verdiar av forureining er veldig lik med gjennomsnittet av britiske byar. Det finst mest svevestøv rundt sentrum, Beeston, Richmond Hill og Hunslet, der det er rundt 40 mikro;g/m³, medan i utkanten av byen ligg det på rundt 30 mikro;g/m³.

Sport og kultur[endre | endre wikiteksten]

Uteliv[endre | endre wikiteksten]

Byen er kjent for det omfattande nattlivet med mange nattklubbar, mykje pga alle studentane her. Nattklubbane har ofte eit kort livslengd og dekadente namn. «Hanna og Dea» heiter ein av mange nattklubbar som er populær blant ungdomar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

I byen finst Leeds Grand Theatre som er ein stor operascene. The Henry Moore Institute inneheld både sentralbiblioteket og eit galleri. Forutan hovudbiblioteket finn sin det omkring 50 lokale bibliotek i dei ulike bydelane og forstadene.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

I likskap med andre britiske byar på same storleik har Leeds hatt fleire artistar som har slått igjennom internasjonalt. Blant dei som har lukkast er Chumbawamba, Melanie Brown (Spice Girls) og The Sisters of Mercy.

I august kvart år blir Leeds Festival halden i Bramham Park austom byen.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Dei store idrettane i Leeds er dei same som i Storbritannia som heilskap; fotball, rugby og cricket.

Fotballlaget Leeds United spelar på Elland Road og har tidvis hatt mange store periodar. Laget vann den engelske ligaen 1968/69, 1973/74 og 1991/92. Dei nådde semifinalen i Champions League i 2001. Ein økonomisk og sportsleg nedtur på 2000-talet førde til nedrykk, først til The Championship i 2004 og deretter til det tredje nivået i ligasystemet, League One i 2007. Etter tre sesongar der klarte klubben i mai 2010 å rykke opp att til The Championship.

Desto betre har det gått for rugbylaget Leeds Rhinos som vann Syp League for første gongen i 2004 og World Club Challenge i 2005. Dei spelar den varianten av rugby som blir kalla rubgy league og har relativt avgrensa internasjonal utbreiing. Det andre rugbylaget, Leeds Tykes spelar den internasjonelt meir populære varianten rugby union og høyrer til botnsiktet i den øvste ligaen. Laga deler både eige og stadion. Dei felles stadiona deira ligg i Headingley.

Det finst fleire golfbanar rundt byen. På ein av desse, Moortown Golf Club, vart det spelt Ryder Cup i 1929. I Wetherby, rett nordaust av byen ligg ein kjent travbane.

Leeds International Pool vart opna i 1967 med høge ambisjonar, men han har ikkje vorte vedlikehalde i nok grad slik at det no har vorte avgjort at det skal byggjast eit nytt basseng. Det nye bassenget kjem til å utgjere ein del av South Leeds Stadium som òg kjem til å innehalde ein rugbybane, friidretts- og tennisbanar, og dessutan høve for å spele boule.

Vinterstid er det vanleg å sette opp ein skøytebane på torget ved rådhuset.

Museum og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Blant dei historiske attraksjonane i byen finst Kirkstall Abbey, ein klosterruin med anar frå 1100-talet og Temple Newsam, tidlegare eigd av tempelriddarar. Frå byrjinga av den industrielle revolusjonen finst Armley Mills, tidlegare den største ullfabrikken i verda, no eit museum, og Middleton Railway, ein ca 250 år gammal jarnbane. Leeds City Museum handlar om historia til Yorkshire.

Sidan 1996 har Royal Armouries hatt eit museum i byen, med ei stor samling av rustningar og anna krigsutrustning frå store delar av verda.

Det finst òg fleire lokalhistoriske museum som kvar gjenspeglar si eiga lokalhistorie, blant anna i Horsforth og Otley. I Roundhay Park finst eit tropisk senter.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]