Brisbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brisbane
Brisbane i 2009.
Brisbane i 2009.
Brisbane i 2009.
Byvåpenet til Brisbane
Styresmakter
Land Australia
Grunnlagd 1824
Geografi
Flatevidd 15 826 km²
Flatevidd
 - By

5904,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

2,004,262
  918/km²
Koordinatar 27°28′04″S 153°01′40″EKoordinatar: 27°28′04″S 153°01′40″E
Tidssone UTC +10 (UTC10)
Diverse anna
Heimeside: https://www.brisbane.qld.gov.au/

Brisbane er hovudstaden og den mest folkerike byen i staten Queensland på nord-austkysten av Australia. Byen ligg sør-aust i Queensland, det raskast veksande området i Australia. I 2009 passerte Brisbane eit innbyggjartal på 2 millionar, noko som gjer byen til det tredje mest folkerike området i landet etter Sydney og Melbourne.

Byen og bysenteret ligg ved elva Brisbane River, ca 8 mil inn i landet frå kysten.

I Brisbane ligg det fleire store universitet, og avdelingar av universitet, dei tre mest kjende er University of Queensland, Queensland University of Technology og Griffith University. Desse universiteta har dei seinare åra vore svært populære som studiestad for norske studentar, det er over 400 norske studentar i byen.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.