Bris i anatomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brissel)
Briset

Briset (latin thymus) er ein kjertel som finst hos mange dyr, også hos mennesket.

Briset er det andre primære lymfoide organet i kroppen. Det er sett saman av epitelvev (cellevev) og er plassert i halsregionen, like bak brystbeinet (sternum). På same måte som beinmergen, har det funksjonen sin knytt til utviklinga av forsvarsceller, men berre éin bestemt variant. Frå beinmergen vert umogne førelauparceller, progenitorceller, såkalla thymocyttar, frakta til briset for å verte vidareutvikla til ein høgt spesialisert celletype, kanskje den aller viktigaste i heile immunapparatet, nemleg T-lymfocyttane.

Noko av det viktigaste som skjer med thymocyttane under opphaldet i briset, er at dei vert utstyrte med reseptorar for antigen; kvar thymocytt med sin eigen reseptortype. I utgangspunktet vert reseptorane danna slik at heile thymocyttpopulasjonen samla sett vert i stand til å kjenne att alle tenkjelege strukturar, inklusive kroppens eigne. Denne løysinga inneber at organismen i neste omgang må kvitte seg med dei thymocyttane som kan tenkjast å kjenne att og reagere med kroppens eigne molekyl. Samstundes føregår det ei spesiell utveljing av dei thymocyttane som er i stand til å identifisere og reagere på framande strukturar på ein bestemt måte. Me seier gjerne at det føregår både positive og negative seleksjonsprosessar i briset. Om lag 95 % av thymocyttane som vert danna i beinmergen, vert drepne i briset. Dersom T-celler utan absolutt strengaste tryggingsklarering klarte å lure seg gjennom briset, kunne dette føre til skadelege immunreaksjonar mot kroppens eige vev, slik ein kan sjå ved såkalla autoimmune sjukdommar.

Briset er fyrst og fremst organet for utvikling av T-lymfocyttar, men det gjennomgår også ein eigen utviklingsprosess. Det er størst og mest aktiv i åra fram til puberteten og minkar deretter med alderen. Mykje tyder på at nedsett aktivitet i briset heng saman med generelt nedsette immunfunksjonar med aukande alder.

Dersom briset vert skada tidleg i livet, kan viktige funksjonar i immunsystemet verte påverka. Hos mennesket kan dette mellom anna resultere i nedsett evne til å nedkjempe virus og infeksjonar frå sopp.

Spire Denne anatomiartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.