Bristen

Koordinatar: 46°44′14″N 8°40′54″E / 46.73722°N 8.68167°E / 46.73722; 8.68167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 19. oktober 2009 kl. 22:53 av Zorrobot (diskusjon | bidrag) (robot endra: de:Bristen (Berg))
Bristen
fjell
Bristen
Land {{landdata Sveits Sveits landflagg2 namn = Sveits Sveits variant = storleik =

}}

Fjellkjede Glarus-Alpane
Høgd 3 073 m moh.
Koordinatar 46°44′14″N 8°40′54″E / 46.73722°N 8.68167°E / 46.73722; 8.68167
Kart
Bristen
46°44′13″N 8°40′53″E / 46.7369°N 8.68135°E / 46.7369; 8.68135
Wikimedia Commons: Bristen

Bristen er eit 3 073 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Uri, sør for Silenen. Bristen framstår som ei symmetrisk, trekanta pyramide i heile Reusstal og kan også sjåast frå Urnersee. Fjellet er rett og slett eit kjennemerke for kantonen Uri.

Geografi

Bristen ligg i kring tre kilometer sør for den samnemnde landsbyen Bristen i Maderanertal og fire kilometer nord for fjellet Piz Giuv. Bristen og Piz Giuv er skilde frå ein annan av Portlilücke, eit 2506 moh høgt skar. Lenger sør er Oberalppass, seks kilometer lenger aust går dalen Etzlital opp mot det høgste fjellet i området, Oberalpstock. Knapt fire kilometer i vest ligg Gurtnellen i Reusstal.

Mot nord frå toppen av Bristen går ein fjellrygg, som etter 200 meter delar seg i to armar, nordvestryggen og nordaustryggen. Ved foten av nordaustryggen ligg, 2095 moh, det vesle fjellvatnet Bristensee. Mot vest fell ein rygg bratt ned mot Fellital. Mot sør fører ei egg over til 2 853 m høge Zwächten, egga held fram mot Portlilücke.

Fjellhytta Etzlihütte ligg aust for fjellet, 2 052 moh.

Geologi

Geologisk høyrer Bristen til det nordlege Aar-massivet. Regionen sør for Maderanertal består dessutan av fleire ulike bergartar. Mellom anna den skråstilte og innfelte klorittserisitt-gneisen, skifer, kvartsporfyr og amfibolittar. Fyrst lenger sør finn ein Aare-granitt. Området kring Bristen er kjent for sine mangfaldige, ulikearta bergkrystallar og mineralar.

Fyrstebestiging

Bristen vart sannsynlegvis klive rett så tidleg av gemsejegerar eller krystall-leitarar. Den fyrste sikre turist-bestiginga fann stad 23. juli 1823. Ein lækjar som stamma frå Altdorf, Karl Franz Lusser. gjekk saman med lokale folk under leiing av Hans Indergand. Ruta dei valde gjekk langs nordaustryggen, som òg i dag er den vanlegaste vegen til topps.