Kvartsporfyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvartsporfyr

Kvartsporfyr er ein magmatisk bergart med kjemisk samansetnad som granitt, og med krystall av kvarts og ofte alkalifeltspat i ein tett grunnmasse som kan vere kryptokrystallinsk eller mikrokrystallinsk (felsittisk).

Kvartsporfyrar opptrer både som gangbergartar og som lavabergartar.

I Noreg er kvartsporfyr særleg kjent frå Oslofeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]