British Airways Flight 9

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon av ulykkesflyet «City of Edinburgh» med Sankt Elms eld ved motorane.

British Airways Flight 9, også kalla Jakarta-ulukka, var ei nestenulukke som fann stad den 24. juni 1982 nær Jakarta. Eit Boeing 747-200 frå British Airways, «City of Edinburgh», var på veg frå Heathrow i Storbritannia til Auckland i New Zealand, med mellomlandingar i Mumbai, Chennai, Kuala Lumpur, Perth og Melbourne.

På veg over Indonesia flaug flyet inn i ei sky med vulkansk oske frå eit utbrot av vulkanen Galunggung, og alle fire motorane stoppa. Årsaka var endå først ukjent for flygerne. Ved å fly i glideflukt kom flyet lågare og ut av åskesky og pilotane klarte å blåsa åske ut av motorane og fekk desse starta igjen, flyet vart deretter omdirigert til Jakarta.

Hendinga er i ettertid attskapt i ein fjernsynsdokmentar for National Geographic, Flyhavarikommisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Betty Tootell (1985) All Four Engines Have Failed (British utg.). Andre Deutsch, ISBN 0-233-97758-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]