Brixlegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brixlegg

Brixlegg er ein kommune i Distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 9,1 km² og i kring 3 000 ibuarar. Landsbyen Brixlegg ligg 534 meter over havet.

Eit smelteverk, det einaste koparverket att i Austerrike, er ein viktig arbeidsplass. Elles bidreg tekstilindustri, ein mineralvassprodusent og vinterturismen til næringsinnkomene i kommunen.

Skirennaren Stephan Eberharter er frå Brixlegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]