Broadway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Broadway

Kart
Broadway
40°46′13″ N 73°58′55″ W

Broadway er ei 30 km lang, brei gate på Manhattan i New York, og den eldste hovudgata i byen som går nord–sør. Gata er kjend som sentrum for den amerikanske teaterindustrien.

På den smale og kileforma hjørnetomta nord for 23. gate der Broadway møter Fifth Avenue, vart høgblokka «Fuller Building» reist i 1902. Bygningen er betre kjend som Flatiron Building takka vere forma den fekk grunna tomta si trekanta form (Flatiron tyder 'Strykejernet').