Flatiron Building

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flatiron Building
Edificio Fuller (Flatiron) en 2010 desde el Empire State crop boxin.jpg
ArkitektDaniel Burnham
Opna1902
StilNyrenessanse

Flatiron Building
40°44′28″ N 73°59′23″ W

Fuller Building, betre kjend som Flatiron Building, er ei høgblokk ved Madison SquareManhattan i New York. Bygningen er reist på den smale og kileforma hjørnetomta nord for 23. gate der Broadway møter Fifth Avenue, noko som gav han den karakteristiske forma si (og kallenamnet Flatiron - 'Strykejernet').

Frå bygginga av Flatiron Building
Flatiron Building i 2004

Flatiron Building stod ferdig i 1902, og var då den nest høgaste bygningen i New York (etter Park Row Building) med ei høgd på 87 meter, fordelt på 22 etasjar.[treng kjelde] Flatiron var òg ein av dei første bygningsstrukturane i New York som blei bygd rundt eit stålskjelett,[treng kjelde] noko som gav nye høve for å byggja i høgda. Bygningen var teikna av Daniel Burnham i beaux-arts-stil, og fasaden er rikt ornamentert med gotiske og renessanse-inspirerte detaljar. Sjefsingeniør for konstruksjonen var Joachim Gotsche Giæver.

Området rundt Madison Square, aust mot Gramercy Park og nokre kvartal sør mot Union Square er kalla Flatiron District etter den kjende bygningen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Brown, Lance Jay; Dixon, David; Gillham, Oliver (21. juni 2014). Urban Design for an Urban Century: Shaping More Livable, Equitable, and Resilient Cities (2nd utg.). Hoboken: Wiley. ISBN 978-1-118-45363-6
  • Zukowsky, John and Saliga, Pauline, "Late Works by Burnham and Sullivan", Art Institute of Chicago Museum Studies. 11.1 (Autumn 1984:70–79)
  • Kreitler, Peter Gwillim. Flatiron: A Photographic History of the World's First Steel Frame Skyscraper, 1901–1990. AIA Press 1991. ISBN 978-1-55835-060-1
  • Laurin, Dale (2008). «Grace and Seriousness in the Flatiron Building and Ourselves» (PDF). Aesthetic Realism Looks at NYC. Aesthetic Realism Foundation. s. 1–4.