Bronseøksa frå Hannasvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bronseøksa frå HannasvikTustna er funne i eit gruslag. Øksa er ei holkøks, men er fragmentarisk. Øksa kan daterast til eldre bronsealder, nærmare bestemt periode III, som strekker seg frå 1300-1100 f.Kr. Bakgrunnen for denne dateringa er at øksa manglar støypte støttelister innvendig i holken.

Øksa ligg i dag ved Vitenskapsmuseet i Trondheim under nr. T13893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jan Aakvik. 2000. Med blikket vendt mot sør! Et materialstudie av eldre bronsealder på Vestlandet. Hovedfagsoppgåve i arkeologi. UIB.