Tustna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tustna
Satellittbilete av Tustna frå NASA. Øya Tustna er den store øya til venstre i biletet. I søraust ser vi Stabblandet, rette nord for Stabblandet ser vi Solskjelsøya, og den litle øya lengst i vest er Golma.
Satellittbilete av Tustna frå NASA. Øya Tustna er den store øya til venstre i biletet. I søraust ser vi Stabblandet, rette nord for Stabblandet ser vi Solskjelsøya, og den litle øya lengst i vest er Golma.
Geografi
Norway - Tustna.png
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°07′07″N 07°49′02″EKoordinatar: 63°07′07″N 07°49′02″E
Areal 87,54 km²
Høgaste punkt Skarven (896 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Tustna er namnet på ei øy og ein tidlegare øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som 1. januar 2006 blei slegen saman med Aure kommune. Tustna er særleg kjend for variert natur og eit dyreliv som mellom anna inkluderer ein solid hjortestamme og mykje havørn. Folk som kjem frå Tustna blir kalla tustningar.

Kommunevåpenet til tidlegare Tustna kommune.

Ved kommunesamanslåinga var Tustna den minste kommunen i Møre og Romsdal i folketal, etter å ha veksla på denne posisjonen med Stordal kommune sidan slutten av 1990-talet. Den tidlegare kommunen Tustna inneheld øyane Tustna, Stabblandet, Golma og Solskjel, og i tillegg mange mindre øyar og holmar. Tidlegare inkluderte kommunen òg dei fleste gardane langs vestsida av Ertvågsøya. Tustna grensa til Smøla i nord, resten av Aure i aust, Halsa og Tingvoll i sør og Frei og Kristiansund i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fosnakulturen[endre | endre wikiteksten]

Tustna er — som dei fleste andre stader i Fosen, på Nordmøre og i Romsdal — svært rik på funn frå Fosnakulturen. Frå bronsealderen er det funne ei bronseøks i Hannasvika på Sør-Tustna.

Vikingtid og mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Rikssamling og borgarkrig[endre | endre wikiteksten]

I samband med rikssamlinga under Harald Hårfagre var det to slag ved øya Solskjel i tidlegare Tustna kommune (no Aure) ifølgje Snorre Sturlason. Desse slaga skal ha stått ni og åtte år føre slaget i Hafrsfjord. Solskjel vart slagplass att i 1208.

Svartedauden[endre | endre wikiteksten]

Under svartedauden seier ei segn at så og seie alle på Stabblandet døydde. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der. Denne varianten av segna vart fortald av Hallvard Halsen (eig. Hallvard Inderberg el. Hallvard Åsnes) frå Halsen/Åsnes under Innerberg til Torvald Gimnes kring 1950. Olve Utne skreiv ned segna etter Torvald Gimnes i 1980-åra, og det vart seinare rim- og tonesett av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord. Ein annan variant av segna seier at det var fleire som overlevde, og dei flytte alle til Fjelnesdalen.

Frå øya Tustna heiter det at ein mann og dei to døtrene hans flytte oppi Gullsteinsdalen i håp om å komma seg unna sotta. Mannen døydde der — visstnok ikkje av sjølve sotta — og vart gravlagd av døtrene, men begge døtrene greidde seg og vart ikkje ramma av svartedauden.

Hollendartida[endre | endre wikiteksten]

1600-talet var det stor aktivitet med nederlandsk handel på Nordmøre — særleg i samband med trelast. Ein representant for denne handelen var frislendaren Jappe Ippes. Jappe Ippes hadde hovudsetet sitt i Linvågen på Tustna. Han var den første til å drive klippfisktørking på norsk jord og dreiv pionerarbeid med dette på Tustna og i det noverande Kristiansund i tida kring 1690.

Kommunesamanslåing[endre | endre wikiteksten]

Kommunane Tustna og Aure vart samanslegne den 1. januar 2006. Den nye kommunen ber namnet Aure kommune, og kommunevåpenet byggjer på Tustna sitt tidlegare kommunevåpen med den endringa at klippfisken er i sølv (kvitt) i staden for tidlegare gull (gult).[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Tustna var den minste kommunen etter folketal i Møre og Romsdal frå dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet og fram til 1977, då Stordal kommune vart skild ut som eigen kommune att, og var mindre enn Tustna. Men folketalet gjekk ned raskare i Tustna enn i Stordal, slik att Tustna vart den minste kommunen i fylket att i 1998. Frå då og fram til kommunesamanslåinga i 2005, veksla Tustna og Stordal på å vera minst frå år til år.

Folketalsutvikling for gamle Tustna kommune frå 1874 til 2005:

1.1.1874[2] 1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2005[6]
1179a 1582a 1598a 1677a 1610a 1594a 1492a 1213 1163 1118 1056 1006

a Dette talet omfattar den delen av Ertvågøya som var del av Tustna kommune fram til 1965, då han vart overført til Aure kommune. Dette området hadde då 85 innbyggjarar.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Øyar og holmar[endre | endre wikiteksten]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

øya Tustna:

Langs vestsida av Stabblandet:

Langs austsida av Stabblandet:

Lengst søraust på Stabblandet:

Vatn og tjørner[endre | endre wikiteksten]

øya Tustna:

Stabblandet:

Solskjelsøya:

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Fugl[endre | endre wikiteksten]

Tustna har ein stor bestand av havørn, og på Stabblandet finst det òg kongeørn.

Hjortedyr[endre | endre wikiteksten]

Av hjortedyr er det mykje hjort og rådyr, og sidan sist i 1970-åra har det vore ein stabil elgestamme òg på Tustna.

Rovdyr[endre | endre wikiteksten]

Det finst mellom anna raudrev, røyskatt og gaupe på Tustna. Ulv har det ikkje vore der sidan 1800-talet, og av bjørn har det berre vore enkelte streifdyr i moderne tid. Av nyinnførte dyr er særleg minken vanleg. Orrfugl har det vore mykje av på Tustna. Spesielt på Solskjelsøya var det ei stor stamme med orrfugl. Orrhanane spela på kvar sin lynghaug for å tilkalla seg orrhønene. Men på 1970-talet minka det drastisk med orrfugl på Solskjelsøya. Dette hadde samanhang med at rovdyret mår gjorde sitt inntog på øya. Måren formeira seg raskt. Ekorna vart utrydda nærmast med ein gong.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Gardar[endre | endre wikiteksten]

Etter at Tustna vart slegen saman med Aure kommune vart gardsnummera endra slik at tustnagardane er nummererte frå 201 og opp. For dei gamle gardsnummera, trekk frå 200.

øya Tustna[endre | endre wikiteksten]

Stabblandet[endre | endre wikiteksten]

Solskjelsøya[endre | endre wikiteksten]

Golma[endre | endre wikiteksten]

Kjente tustningar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fugelsøy, Maurits: Tustna før og no. [Tustna] : Tustna historienemnd, 1956–1960. (2 b.; ill.) bibsys
  • Jensen, Anders: Busetninga på Tustna i seinmiddelalderen og den etterfølgende tid. Hovedopgåve i historie - Universitetet i Trondheim, 1971. bibsys
  • Lange, Ragnar [...] et.al. (red.): Gullstein kirke 100 år. [Tustna] : Tustna sokneråd, 1969. (30 s.; ill.) bibsys
  • Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. Utg. av Tustna kommune ved Tustna bygdeboknemnd. [Leira på Nordmøre] : [Tustna] kommunen, 1986– ? (3 b.; ill.) bibsys

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Tustna 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]