Hopp til innhald

Brownsk rørsle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre forskjellige syn på bronsk rørsle med 32 steg, 256 steg og 2048 steg vist med gradvis lysare fargar.
Ei enkel tredimensjonal brownsk rørsle for tida 0 ≤ t ≤ 2.

Ei brownsk rørsle, kalla opp etter botanikaren Robert Brown, er ei nemning på små, tilfeldige partikkelrørsler ein kan sjå i eit mikroskop eller ei lupe. Alle atom som har temperatur over det absolutte nullpunkt er i slik rørsle. Brownske rørsler vil få partiklar i ei væske til å røre på seg.

Uttrykket vert òg nytta om matematiske modellar som skildrar slike rørsler, ofte kalla partikkelteori. Den matematiske modellen for brownske rørsler har fleire nytteverdiar i den verkelege verda, mellom anna i aksjemarknaden.

Brownske rørlser er av dei enklaste tidskontinuerlege stokastiske prosessane og er ei grense for både enklare og meir kompliserte stokastiske prosessar.