Bruksbasert grammatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein bruksbasert grammatikk kan innanfor kognitiv grammatikk definerast som ei kognitiv organisering av røynsler med språk (Bybee 2010: 8). Den grunnleggjande eininga i ein bruksbasert grammatikk er konstruksjonen, eit språkleg mønster med form (fonologi) og tyding (semantikk). Nokre lingvistar – som Goldberg (2006: 5) – legg til at forma eller tydinga til konstruksjonen ikkje er føreseieleg ut ifrå delane, andre legg hovudvekta på at det er ei konvensjonell språkleg eining med ein viss grad av innprenting (engelsk entrenchment) (Langacker 1987: 57). Ein heilt avgjerande idé bak konstruksjonen er at han er ei samankopling av form og tyding, at han har ein sekvensiell struktur, at han kan ha relativt generelle og relativt spesifikke posisjonar og at han varierer i storleik. Enkle døme på konstruksjonar er orda hestane og bilane:

  • Konstruksjonen hestane
    • Form: /²hestane/
    • Tyding: 'hest; fleirtal, bunden'
  • Konstruksjonen bilane
    • Form: /²biːlane/
    • Tyding: 'bil; fleirtal, bunden'

Desse to konstruksjonane er relativt spesifikke, som generaliseringar over mange konkrete brukshendingar. Mindre spesifikk – og meir generell – er ein konstruksjon som er ei generalisering over desse to meir spesifikke konstruksjonane ovanfor og mange liknande:

  • Konstruksjonen σane
    • Form: /²σane/
    • Tyding: 'TING; fleirtal, bunden'

Ulike konstruksjonar varierer i innprenting.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Goldberg, Adele E. 2006. Constructions at Work: the nature of generalization in Language. Oxford: Oxford University Press.
  • Langacker, Ronald W. Foundations of Cognitive Grammar, vol. 1, Theoretical Prerequisites. Stanford: Stanford University Press. 1987.
    Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.