Brune pinnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brune pinnar er ein type småkake som er kjend som julebakst i Noreg.[1]

Kakene blir laga av kveitemjøl, smør, sukker, eggeplomme, sirup, natron, kanel og vaniljesukker. Deigen blir gjerne pressa ut til flate remser for hand. Remsene blir skorne i smale striper (pinnar) på skrå etter at dei er steikte, men framleis er varme.[1] Ein kan pynta dei med egg, hakka mandlar og perlesukker.[1][2]

På svensk blir ei lik eller liknande kake kalla kolakaka.[3][4] Kola tyder 'karamell' på svensk.[5]

Chokladsnittar er ei anna liknande svensk kake som har kakao i deigen.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 TINE, «Brune Pinner - Oppskrift fra TINE Kjøkken», TINE (på norsk), henta 23. oktober 2021 
  2. kitchen, north wild (17. desember 2018), «Brune Pinner (Norwegian Christmas Cookies)», North Wild Kitchen (på engelsk), henta 23. oktober 2021 
  3. «Svenske kolakaker», Mills AS (på norsk bokmål), henta 23. oktober 2021 
  4. NRK (8. desember 2017), «Kolakaker», NRK (på norsk bokmål), henta 23. oktober 2021 
  5. «Kolakaker», Det søte liv (på engelsk), 26. januar 2005, henta 23. oktober 2021 
  6. «Chokladsnitt», ICA.se (på svensk), henta 23. oktober 2021