Brunjernstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunjernstein
LimoniteUSGOV.jpg
Generelt
KategoriAmorf, mineraloid
Kjemisk formelFeO(OH)·nH2O
Strunz-klassifiseringUklassifisert
Identifikasjon
FargeForskjellige variantar av brun og gul
KrystallformFinkorna samlingar, pulveraktig belegg
KløyvFinst ikkje
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala4 - 5½
Glansjordaktig
StrekfargeGulbrun
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt2.9 - 4.3
Tettleik2.7 - 4.3 g/cm3
Kjelder[1][2][3]

Brunjernstein eller limonitt er ei naturleg blanding av vasshaldige jernoksid, ofte i amorf eller kryptokrystallinsk form, og dannar gjerne jordaktige eller tette massar med brun farge. Det er eit vanleg sekundærprodukt som oppstår ved forvitring og oksidasjon av jernhaldige mineral, eller det kan dannast ved uorganisk eller biogen utfelling i myrar og innsjøar, til dømes som myrmalm, eller i marine avsetningar. Den viktigaste bestanddelen er mineralet goethitt, FeOOH, men ofte inngår òg hematitt og lepidokrokitt (ei polymorf form av FeOOH), og dessutan ulike forureiningar og adsorbert vatn. Som bestanddel av såkalla minettemalm er det ein viktig jernmalm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunjernstein