Goethitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Goethitt

Goethitt, Restormel Royal Iron Mine i Cornwall i England.
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelα-FeO
Strunz-klassifisering04.FD.10
Identifikasjon
FargeGulaktig til raudaktig til mørkebrun
KrystallsystemOrtorombisk 2/m2/m2/m
Kløyvperfekt {010}
BrotUjamn til splintrete
Mohs hardleiksskala5 - 5.5
GlansDiamantaktig til matt
Strekfargebrun, brungul til oransjegul
Spesifikk vekt3.3 - 4.3
Optiske eigenskapar
BrytingsindeksUgjennomsiktig til delvis gjennomskineleg
SmeltbarheitSmeltbar ved 5 - 5.5
Andre eigenskaparVert magnetisk i reduksjonsflamme
Kjelder[1][2][3][4]

Goethitt er eit særs utbreitt, brunleg jernmineral. Det er kjemisk eit jernhydroksid, a-FeOOH, med rombisk symmetri. Lepidokrokitt, ?-FeOOH, er eit anna mineral med same kjemiske samansetjing men med ein annan krystallstruktur (polymorfi). Goethitt blir danna for ein stor del ved forvitring og oksidasjon av andre jernhaldige mineral. Det er ein viktig bestanddel i brunjernstein (minettemalm; jernoolitt) og i myrmalm, og finst dessutan i den «jernhatten» som ofte blir danna i oksidasjonssonen over ein jernmalm.

Jordaktige material, som oker, rust, limonitt og lateritt, inneheld goethitt i vekslande mengder, ofte tilblanda noko lepidokrokitt. Goethitt kan òg opptre i meir velkrystallisert form som primært hydrotermalmineral, til dømes i kontaktførekomstane i Oslofeltet.

Det er kalla opp etter den tyske Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832). Goethitt var kjend i førhistorisk tid som eit pigment. Det er funne spor av det i malingsprøvar frå grottene i Lascaux i Frankrike. Det vart først skildra i 1806 frå Hollertszuggruva i Dermbach i Herdorf i Siegerland i Rheinland-Pfalz i Tyskland.[3]

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogi (20th utg.). Wiley. ISBN 0-471-80580-7. 
  2. http://webmineral.com/data/Goethite.shtml Webmineral data
  3. 3,0 3,1 http://www.mindat.org/min-1719.html Mindat data with locations
  4. http://www.galleries.com/minerals/oksyds/goethite/goethite.htm[daud lenkje] Mineral galleries

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]