Bruntveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bruntveit var eit ferjeleie på austsida av Reksteren i Tysnes kommune i Hordaland. Det var ein del av ferjesambandet Halhjem-Våge-Bruntveit til Halhjem i Os kommune og Våge på Tysnes.

Ferjeleiet vart lagt ned sommaren 1998. Reksteren fekk brusamband til Tysnesøy alt i 1977, men etter store protestar frå innbyggjarane vart ikkje Bruntveit lagt ned då som først planlagt.

Området er i dag eit industriutbyggingsområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]