Buøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Buøy er eit delområde i Hundvåg bydel i Stavanger kommune i Rogaland fylke.

Delområdet har eit areal er 1,19 km² og innbyggjartalet i 2005 var 1792 personar. Buøy er inndelt i 4 grunnkretsar.

Rosenberg Mekaniske Verksted ligg på Buøy. Buøy er i dag kjend for det 17,5 meter høge og 3,5 meter breie vasstårnet som står på toppen av øya. Tårnet vart bygd i 1919-1920 og er eit kjent landemerke i Stavanger. I 1977 vart Buøy knytt til fastlandet via Bybrua.

Grunnkretsar[endre | endre wikiteksten]

11030100 Buøy består av

  • 11030101 Buøy 2
  • 11030102 Buøy 1
  • 11030104 Engøy
  • 11030105 Sølyst/Grasholmen