Hopp til innhald

Buenaventura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buenaventura
by
Land  Colombia
Areal 6 078 km²
Folketal 423 927 (2018)
Grunnlagd 14. juli 1540
Tidssone EST (UTC-5)
Retningsnummer 224
Kart
Buenaventura
3°52′38″N 77°01′36″W / 3.8772222222222°N 77.026666666667°W / 3.8772222222222; -77.026666666667
Wikimedia Commons: Buenaventura

Buenaventura er ein hamneby i Valle del Cauca-departementet i Colombia. Buenaventura, spansk for 'lukke', er den viktigaste hamna på den colombianske stillehavskysten.[1]

Frå hamna i Buenaventura
Foto: Wikimedia-brukar Jimysantandef

Buenaventura er ein by med ein folkesetnad på 292 947[2] etter folketeljinga i 2005, og det meste av arealet av kommunen er landleg med spreidde små landsbyar. Folkesetnad er hovudsakleg av afrikansk avstamming (85 %) med 10 % blanda europeisk og urfolk og 5 % av spansk avstamming.

Byen vart grunnlagt 14. juli 1540. På den tida levde buscaja-indianarar i området og byen vart øydelagt av indianarar før 1600 og seinare gjenbygd. Buenaventura blomstra etter opninga av Panamakanalen i 1914. Per 2011 var byen prega av fattigdom og vald, og rekna som eit senter for kokainhandel i Colombia.[3]

Buenaventura har ei av dei største hamnene på kontinentet, står for om lag halvparten av all colombiansk import og eksport over havet,[4] og ca. 80 % av all kaffieksport frå landet går over hamna.[5] Men byen har vore hemma av gjengrelatert aktivitet der ein slåst om kontroll av hamna, noko som gjer han til ein av dei farlegaste og fattigaste byane i Colombia.

Buenaventura har historisk rykte for å vere plaga av dei colombianske væpna konfliktane, narkotikahandel, vald, og nærvere av gerilja og paramilitære grupper.[6] På grunn av valden i Buenaventura skreiv New York Times ein artikkel med tittelen Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City .[7]

Buenaventura ligg ca. 30 kilometer frå den vestlege cordilleraen av Andes og langs bilveg ca. 145 kilometer frå den store byen Cali, hovudstaden i Valle del Cauca-departementet.[5] Buenaventura er ein av dei mest regnfylte byane i verda med 6000-7000 mm årleg nedbør. Middeltemperaturen over døgnet varierer lite gjennom året og ligg på ca. 26 °C.[8]

  1. ↑ Los Angeles Times Colombian crackdown appears to be paying off 21. september 2009, henta 8. mai 2015
  2. ↑ archive.is Buenaventura population figures henta 8. mai 2015
  3. ↑ BBC News Drug submarines: Colombia's underwater cocaine traffic, 27. april 2011, henta 8. mai 2015
  4. ↑ Financial Times nettavis Lawless Colombia port to play key role in Pacific Alliance 1. april 2014, henta 8. mai 2015
  5. 1 2 Devereux, Charlie (2008). Colombia handbook. Footprint. s. 291-292.
  6. ↑ BBC News Colombian port city terrorised by criminal gangs 20. mars 2014, henta 8. mai 2015
  7. ↑ Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City 22. mai 2007, henta 8. mai 2015
  8. ↑ «Climate of Buenaventura -Table of Values» (på spansk). Instituto de Hidrologia Meteorologia y Estudios Ambientales. Henta 8. mai 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Buenaventura