Buffalo i New York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buffalo
by
Downtown Buffalo05.JPG
Land Flag of the United States.svg USA
Stat New York
Fylke Erie
Høgd 183 m
Areal 105,2 km²
 - vatn 30,8 km²
Folketal 1 254 066 (2007)
Folketettleik 2,782 / km²

Buffalo i New York
42°53′11″ N 78°52′41″ W
Wikimedia Commons: Buffalo, New York
Nettstad: www.city-buffalo.com

Buffalo er den nest største byen i den amerikanske delstaten New York. Han ligg i den vestlege delen av delstaten. Byen ligg ved kysten av Eriesjøen sør for Niagaraelva som forbinder Eriesjøen med Ontariosjøen. Staden er kjend for å vera heimstaden til NFL-laget Buffalo Bills og NHL-laget Buffalo Sabres.

25 % av eksport og import som foregår mellom USA og Canada kjem gjennom denne byen. Universitetet i Buffalo blei etablert i 1846 som eit privat universitet med medisinsk fakultet, blei fusjonert med State University of New York. I dag er Universitetet i Buffalo State University of New York at Buffalo, eller «UB» på folkemunne, med sine 28.192 studentar (2008) og forsningsmidlar på 323.000.000 US-dollar (2007), flaggskipet i det statlege universitetssystemet i New York.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Buffalo har vore folkesett både av franskmenn og engelskmenn. Franskmennene kom til Buffalo i 1758 og slo seg ned. Byen blei grunnlagd i 1790, men i 1812 blei han brend ned av engelskmenn.

Folk frå Buffalo[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]