State University of New York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
State University of New York


Grunnlagt1948
StadNew York
Old Main, SUNY New Paltz.
SUNY Stony Brook.
SUNY Univ at Buffalo Nuclear Reactor.
SUNY Maritime College Empire State VI.

State University of New York (SUNY) er eit delstatsuniversitet i staten New York i USA. Det vart grunnlagt i 1816 og har i dag studium ved åtte universitet, fire av universitetssentra sp, ligg ved Cornell University, femten høgskolar (college, åtte tekniske høgskolar og tretti lokale høgskolar (community colleges). SUNY er det største universitetssystemet i USA, og eit av dei største i verda.

Universitetet i Buffalo vart opphavleg etablert i 1846 som eit privat universitet med medisinsk fakultet, og vart i 1962 fusjonert med State University of New York. I dag er Universitetet i Buffalo (State University of New York at Buffalo) med sine 28 192 studentar (2008) (av det 19 022 undergraduate), 1 827 akademisk tilsette, 83 Bachelorgradstudium, 133 Mastergradstudium, 78 doktorgradsstudium og 4 profesjonsstudium, tre campus (Amherst og to i sentrum), forskningsmidlar på USD 323 000 000 (2007) og årleg budsjett på USD 1 300 000 000 (2007); sjølve flaggskipet i det statlege universitetssystemet i New York. State University of New York at Buffalo er medlem av Association of American Universities.

Lærestaden ved Binghamton høyrer til gruppa av offentlege, høgkvalitets-universitet med særs høg akademisk standard - den såkalla Public Ivy-gruppa.

I 2007 var det i alt 427 000 studentar innskrive på fulltid, deltid, gjennom fjernundervisning eller etter- og vidareutdanning. Det var 99 778 regulære studentar på bachelor- eller masterstudia ved SUNY i 2006, pluss studentane ved sjølvstendige college og community college. Skulepengane er US$ 4 800 - 6 000, avhengig av studiestad, men US$ 9 166 ved medisinstudia.

Studiestadar og campus[endre | endre wikiteksten]

Studiestadane ved SUNY er:

Universitet[endre | endre wikiteksten]

College[endre | endre wikiteksten]

  • SUNY Empire State College (1971) - 12 038 vaksne studentar opp til mastergrad
  • SUNY at Fredonia (1826) - 5 540 studentar opp til mastergrad
  • SUNY College at Brockport (1867) - 8 312 studentar opp til mastergrad
  • SUNY at Canton (1906) - 2 359 studentar innan teknologifag opp til mastergrad
  • SUNY at Cobleskill (1916) - 2 500 studentar innan teknologifag opp til mastergrad
  • SUNY College at Cortland - 6 995 studentar opp til mastergrad
  • SUNY at Delhi - 2 483 studentar innan teknologifag opp til bachelorgrad
  • SUNY at Farmingdale (1912) - 5 280 studentar opp til bachelorgrad
  • SUNY at Morrisville (1908) - 3 262 studentar opp til bachelorgrad
  • SUNY College at Geneseo - 5 530 studentar opp til mastergrad
  • SUNY at New Paltz (1828) - 7 699 studentar opp til mastergrad
  • SUNY at Oswego (1861) - 8 813 studentar opp til mastergrad
  • SUNY College at Old Westbury - 3 450 studentar opp til mastergrad
  • SUNY College at Oneonta - 5 786 studentar opp til mastergrad
  • SUNY at Plattsburgh (1889) - 6 217 studentar opp til mastergrad
  • SUNY College at Potsdam - 4 332 studentar opp til mastergrad
  • SUNY at Purchase (Purchase College) - 4 000 studentar innan musikkfag
  • SUNY Institute of Technology, Utica (1966) - 2 587 studentar opp til Mastergrad
  • SUNY Maritime College (1874) - 1 316 studentar opp til mastergrad
  • Alfred State College (1908) - 3 200 studentar innan teknologifag
  • Buffalo State College (1867) - 11 220 studentar opp til mastergrad
  • Fashion Institute of Technology (1944) - 10 101 studentar opp til mastergrad
  • SUNY College of Agriculture & Technology at Cobleskill - 2 506 studentar opp til bachelorgrad

I tillegg til dette er det og underliggande community colleges.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: State University of New York