Bunger Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 66°17′S 100°47′E
Bunger Hills
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Wilkes Land
 - koordinatar 66°17′S 100°47′E
Administrert under Antarktistraktaten

Bunger Hills
66°16′0″ S 100°46′0″ E
Bunger Hills is located in Antarktis
Bunger Hills (Antarktis)

Bunger Hills, Bunger Lakes eller Bunger Oasis er ei fjellkjede på kysten av Knox Coast i Wilkes Land i Antarktis, som består av ei gruppe låge, runde åsar som er isfrie store delar av året. Dei ligg sør for Highjump Archipelago.[1]

Fleire små vatn ligg i Bunger Hills, mellom anna Algae Lake (òg kalla Lake Figurnoye), som er 25 km lang og 137 meter djup. Fjellkjeda vart kartlagd frå flyfoto tekne av Operasjon Highjump (1946-1947) og vart namngjeven av USA Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kapteinløytnant David E. Bunger, ein flypilot under operasjonen på eit av tre fly som tok flyfoto av denne kysten. Bunger flyet hans landa på ein isfri innsjø i desse fjella i februar 1947.

Bunger Hills er omgjeve av isbrear. I søraust ligg dei bratte skråningane av isen som kjem frå det antarktiske isdekket, og i nord ligg Shackleton isbrem, som skil området frå det opne havet. Det isfri området dekkjer kring 450 km², og i følgje somme kjelder så mykje som 750 til 942 km² (men desse omfattar eit havområde som ikkje er dekt av kontinentalisen eller Shackletonisen). Leiaren for Operasjon Highjump, admiral Richard E. Byrd sa om Bunger Hills at det var «ein av dei mest merkverdige stadane på jorda. Ei øy høvande for liv finst i eit univers av død».[2]

Cape Hordern er eit isfritt nes med morenestein over, ved vestenden av Bunger Hills. Det vart oppdaga av medlemmar av den vestlege gruppa under Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (1911-1914), men dei klarte ikkje å nå fram til neset på grunn av store bresprekkar i Denmanbreen og Scottbreen.

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen bygde ein forskingsstasjon kalla Oazis (Оазис) i midten av området. Han kom i drift frå 15. oktober 1956, med to bygningar for åtte personar. Stasjonen vart gjeve til Polen den 23. januar 1959, og fekk det nye namnet A. B. Dobrowolski-stasjonen (kalla opp etter Antoni Dobrowolski). Stasjonen var berre i drift nokre få veker etter det. Den 22. februar 1979 kom stasjonen i drift ei kort stund, men eit forsøk på å overvintra vart mislykka og dei som var der måtte evakuerast til Mirny-stasjonen (350 km i vest) den 17. mars.

Ei betongsøyle vart reist av den første polske antarktisekspedisjonen ved Dobrowolski-stasjonen i januar 1959 for målingar av tyngdekrafta, og det magnetiske observatoriet ved stasjonen til minne om opninga av Oazis-stasjonen i 1956, og er i dag rekna som historiske stader og kulturminne i Antarktis. [1]

Sovjetunionen vart interssert i Bunger Hills att seint i 1980-åra og bygde ein ny stasjon - Oazis-2 - nokre hundre meter vest for Dobrowolski. Stasjonen vart nytta om sommaren fram til midten av 1990-åra.

Kring 7 km nordvest for Dobrowolski, har Australia drive ein sommaropen stasjon kalla Edgeworth David Base, kalla opp etter Edgeworth David, sidan 1986.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Bunger Hills
  2. Byrd, R.E. (1947) Our navy explores Antarktis. National Geographic Magazine, 92: 429-522.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]