Bureau of Meteorology

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berrimah radar

Bureau of Meteorology er eit statleg selskap i Australia som har ansvar for vêrtenester i og rundt Australia. Det vart skipa i 1906 då fleire statlege meteorologiske tenester, som hadde eksistert tidlegare.[1][2]

Bureau of Meteorology lagar vêrvarsel, åtvaringar og observasjonar til australiarane. Byrået sender ut vêrbilete via radiofax og er ansvarleg for å sende ut flaumvarsel i Australia. Byrået har hovudkontor i Melbourne Docklands, som omfattar forskingssenteret deira, det nasjonale meteorologiske og oseanografiske senteret, det nasjonale klimasenteret, samt ei hydrologisk og ei satellittavdeling.[3]

Byrået har regionskontor i kvar stat og territorium i landet, som kvar har sitt eige regionale varslingssenter og eit flaumvarselsenter, og Perth, Darwin og Brisbane har òg Varlingssenter for tropiske syklonar. Kontoret i Adelaide omfattar Nasjonalt tidvassenter, medan Darwin-kontoret har Volcanic Ash Advisory Centre og Regional Specialised Meteorological Centre (analysar).

Bureau of Meteorology sender ut anbefalingar kring tropiske syklonar[4] og utvikla Standard Emergency Warning Signal (Standard naudvarslingssystem) for åtvaringar. Byrået er ansvarleg for å namngje tropiske syklonar i farvatna rundt Australia.

Byrået vedlikeheld observasjonsnettverket i Australia, naboøyane og på Antarktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BOM celebrates 100 years». Australian Broadcasting Corporation. Henta 7. august 2010. 
  2. «Collections in Perth: 20. Meteorology». National Archives of Australia. Henta 7. august 2010. 
  3. «Bureau of Meteorology Head Office 700 Collins Street». Bureau of Meteorology. Henta 7. august 2010. 
  4. Tropical Cyclone Advices, Bureau of Meteorology, 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]