Burl Ives

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Burl Ives
Burl Ives by Van Vechten.jpg
Fødd 14. juni 1909
Jasper County
Død

14. april 1995
Anacortes

Burl Ives på Commons

Burl Icle Ivanhoe Ives (14. juni 190914. april 1995) var ein amerikansk visesongar og skodespelar. Han vann Oscar for beste mannlege birolle for rollen som Rufus Hannassey i filmen The Big Country (1958). Ives spila òg rollen som Big Daddy Pollitt i filmen Katt på hett blikktak (1958).

Ives var fødd i Jasper County i Illinois. Han reiste over heile USA som omreisende musikar på 1930-talet, og gjorde fleire strøjobbar og spelte banjo. Han vart fengsla i Utah, for lausgjengeri og for å synga songen «Foggy, Foggy Dew», som styresmaktene vedtok var ein slibrig song. Rundt 1931 byrja Ives å opptre på radio i Terre Haute i Indiana. Han gjekk deretter attende til skulen, og han tok kurs ved Indiana State Teachers College (dagens Indiana State University). I 1940 starta Ives sitt eige radioprogram, med tittelen The Wayfaring Strangar etter ein av balladane sine. I løpet av det neste tiåret, populariserte Ives fleire tradisjonelle folkesongar, som «Foggy, Foggy Dew» som er ei gammal engelsk/irsk folkevise.

Tidleg i 1942 vart Ives innkalla til den amerikanske hæren. Han heldt til den første tida i militæret ved Camp Dix, deretter ved Camp Upton. Han nådde grada korporal. 6. desember 1945 gifta Ives sg med manusforfattar Helen Peck Ehrlich. Sonen deira Alexander vart fødd i 1949. På 1950-talet vart Ives svartelista som artist på grunn av det vart hevda han hadde kommunistiske band. I 1952 samarbeidde Ives med Un-American Activities Committee (HUAC), og han uttalte føre kongressen at han ikkje var medlem av det amerikanske kommunistpartiet, men at han var med på møte saman med fleire kjende kommunistar.

Ives og kona hans Helen Peck Ehrlich tok ut skilsmisse i februar 1971. Ives gifta deretter seg med Dorothy Kostar Paul i London to månader seinare. Sommaren 1994 vart Ives diagnostisert med kreft i munnhòla etter å ha vorte innlagt på sjukehus for å gjennomgå ein operasjon i ryggen. I april 1995 fall han i koma. Ives døydde av komplikasjonar av kreft i munnhòla den 14. april 1995 ved heimen sin i Anacortes i Washington. Han vart 84 år gammal. Sjølvbiografien hans, The Wayfaring Strangar, vart publisert i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]