Washington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om delstaten Washington. For hovudstaden i USA, sjå Washington, D.C..
State of Washington
Delstatsflagg for Washington Delstatsvåpen
Kallenamn: The Evergreen State
Sambandsstaten Washington
Hovudstad Olympia
Største by Seattle
Guvernør Christine Gregoire
Offisielle språk Ingen
Storleik 184 824 km²
 - Areal, land 172 587 km²
 - Areal, vatn 12 237 km² (6,6%)
Folketal (2000) 5 894 121
Folketettleik 34,2 /km²
Sambandsstat sidan 11. november 1889
Forkorting WA

Washington er ein delstat i det nordvestlege hjørnet av USA. Hovudstaden er Olympia og den største byen er Seattle. Mellom byane Seattle og Tacoma ligg Sea-Tac International Airport. Delstaten har om lag 6 millionar innbyggjarar og eit areal på 176 620 km².

Washington vart amerikansk delstat i 1889. Han er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president i USA. Delstaten vart oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Statens blom er rhododendron som veks godt i den sure jorda vestpå, og som veks vilt på Kitsap Peninsula heilt i vest.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Langs med kysten ligg det store, nedbørrike område som er godt eigna for skog- og jordbruk. Lenger austover ligg den alpine fjellkjeda Kaskadefjella (Cascade Mountains) som går nord-sør. Her ligg òg vulkanen Mount Rainier som er eit kjent landemerke i delstaten. Aust for Kaskadefjella ligg det flate område, med byane Yakima og Spokane, der det fell lite nedbør.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei mest kjende selskapa i delstaten er antakeleg Microsoft og Boeing. Delar av den amerikanske Stillehavsflåten har sine basar i delstaten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Washington


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.