Burnley FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turf Moor

Burnley Football Club er ein fotballklubb heimehøyrande i byen Burnley i Lancashire i England. Klubben vart stifta i 1882 og var ein av dei tolv klubbane som i 1888 danna The Football League. Heimebane sidan 1893 har vore Turf Moor, eit stadion med plass til 21 944 tilskodarar. Laget spelar i mørkeblå trøyer og lyseblå armar, bukser og strømper.

Burnley FC vann FA-cupen i 1914 og vart ligameister i 1921 og 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Burnley FC