Hopp til innhald

Burnley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burnley
by
Land  England
Region Lancashire
Distrikt Burnley
Areal 15,82 km²
Folketal 82 002 (2016)[1]
Postnummer BB10-12
Retningsnummer 01282
Kart
Burnley
53°47′20″N 2°14′53″W / 53.788888888889°N 2.2480555555556°W / 53.788888888889; -2.2480555555556
Wikimedia Commons: Burnley

Burnley er ein by i Lancashire i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Burnley.

Rådhuset.
Foto: Robert Wade

Byen voks opp omkring industriverksemd på 1800-talet. Det var særleg tekstilindustri som var viktig, og då denne møtte nedgangstider førte det til høg arbeidsløyse i Burnley. I 2001 oppstod det ved fleire tilfelle uro i byen som ei følgje av sosial naud og spaningar mellom ulike folkegrupper, spesielt mellom kvite og asiatar. British National Party har hatt aukande oppslutning i lokalval, mykje på grunn av utbreidd fattigdom i fleire bydelar, medan den forholdsvis store delen av folkesetnaden som kjem frå Asia følar at dei blir pressa inn dei aller minst privilegerte områda i byen.

Fotballklubben Burnley FC har spelt på Turf Moor sidan 1893, og var ein av klubbane som grunnla The Football League. Nordmannen Fredrik Ulvestad signerte for Burnley F.C. i 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Burnley