Bustrak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bustrak (Bostrak) er ein samla busetnad i bygda Tørdal i Drangedal kommune i Telemark. Staden har namn etter hovudgarden der, og kan vera sett saman av «bost/bust» (myrbust) og «rák» (kveggang).

Staden, som ligg på vestsida av Bjorvatnet, har eigen barneskule, barnehage, idrettsforeining, i tillegg til ymse velforeiningar og lag.

Bostrak er i dag kanskje mest kjent for musikaren og lastebilsjåføren Sputnik (Knut T. Storbukås), som har eige museum på staden.